Det har vore ei stor glede for mange av oss bygdepatriotar å fylgja utviklinga av denne verksemda frå sidelinja. Me veit at det i dag er ei blømande industribedrift heilt i front både utstyrsmessig og når det gjeld produktkvalitet.
Når Paul Hovda kan fortelja at bedrifta i dag har ca. 60 solide arbeidsplassar, kan det knapt overvurderast kva dette har å seia for heile bygdesamfunnet. Der har ei mengd familiar kunna slå seg til ro i bygda, vel vitande om at far i huset (for det er vel nesten berre menn) har ein stabil arbeidsplass å gå til.
Paul Hovda rettar ei takk til aktørane som i si tid fekk bedrifta til Skånevik. Han nemner spesielt Sverre Jespersen, og me er mange som har høyrt kor påpasseleg han var ved ferjelemmen kvar gong Anders Hovda passerte på veg frå Kvinnherad til Sveio. Det var visst jamne drypp over lengre tid for å overtyda Anders Hovda om at Skånevik var plassen for industriverksemda hans. Me forstår at også Johannes Winterthun og Henry Taraldsøy var sentrale medspelarar. Aktørane fortener med rette takk, men sanneleg er det og grunn til å retta takk til familien Hovda i tre generasjonar.
For det første takk til Anders Hovda, som i si tid let seg overtala. Han vart ein sentral person i bygdesamfunnet også utanom verksemda han bygde opp. Mellom anna var han leiar i Skånevik sokneråd. For det som har skjedd etter hans tid, er det grunn til å retta takk til Paul og Gudvin som har arbeidd bedrifta vidare fram, og til den unge generasjonen som i dag står for styringa.
Me er mange som er både glade og stolte over å ha ei slik mønsterbedrift i bygda vår.
Hans Olav Tungesvik