Snart klar for innflytting

— Det ser ikkje akkurat ut som det skal vere ferdig om nokre dagar, så […]

— Det ser ikkje akkurat ut som det skal vere ferdig om nokre dagar, så innspurten går fort, seier Jorunn Halsnes.
Ho startar sin tredje blomsterbutikk i distriktet når dei to butikkane opnar torsdag 24. november. Jorunn’s Blomesterverksted tar over Florista i Skjold.
Flest i Rogaland
Åsmund Børretzen blir butikksjef for den 41. Kiwi-butikken i Rogaland. Han er under opplæring hos Kiwi i Ølensvåg og Haugesund for å lære kjedekonseptet og butikkdrift.
— Den einaste erfaringa eg har frå daglegvarehandelen er som kunde. Det blir spennande og kjempetravelt. Vi skal stå på for å gi skjoldabuen eit godt tilbod, seier Børretzen.
Frå helga av blir det seks travle dagar på dei åtte tilsette som skal arbeide i butikken. Kiwi-systemet står for innreiinga medan dei lokale tar seg av å stable varer i samarbeid med leverandørane.
Den gamle butikken, ICA SparMat, har alt stengt dørene sidan inngangspartiet og blomsterbutikken blir i den gamle butikken, med nybygget i bakkant.
Ser potensial
— Det er tidlegare utarbeidd tal som viser at det er 60-70 prosent handelslekkasje på daglegvarer trass i at Skjold har hatt to butikkar. Det bør difor vere ein del å gå på med auka omsetnad samanlikna med tidlegare. Skjold er også i vekst, seier ein optimistisk Børretzen.
I tillegg til Skjold ser han også på Vikebygd og Vats som del av nærområdet. Og som alle andre butikkar i distriktet håpar han å hanke inn hyttefolk, turistar og trafikantar på E134.
Kiwi er no den kjedebutikken som har flest etableringar i Rogaland. Kjeda har snusa på Isvik også tidlegare, men den første butikken kom i Ølensvåg. Lokala i Isvik blir på 615 kvadratmeter der 490 blir rein butikkflate og resten lager.
Utvida opningstider
Skjoldabuen får også utvida opningstider når Kiwi er på plass. Butikken stengjer klokka 22.00 på kvardagar og 20.00 på laurdagar.
— Mitt inntrykk er at særleg familiefolk har stram tidskabal og likar å ha høve til å handle litt seinare på kvelden når det har roa seg på heimefronten, seier Børretzen.
Både han og Jorunn Halsnes ser fordelen av at det blir to butikkar i det nye forretningsbygget. Men det har vore blomsterbutikk i Isvik heilt fram til at byggjearbeidet gjorde det nødvendig å stengje, og Halsnes kjøper Florista i samband med den nye etableringa. Butikken blir på 80 kvadratmeter pluss litt areal i tillegg.
Tre på ti år
Jorunn Halsnes starta den første blomsterbutikken sin i Etne for 11 år sidan, og i februar i fjor opna ho den andre i Ølensvåg. Det var inga vanskeleg avgjerd å bestemme seg for den tredje i Isvik.
— Eg trur det er større overgang å gå frå ein til to. Ein tredje butikk vil ikkje bety så mykje ekstra. Eg har flinke folk i alle butikkane, og dei er eg avhengige av. Det ville kome ein blomsterbutikk i Isvik uansett, så det kunne like godt bli meg, seier Halsnes.
Ho ser store fordelar i innkjøp og drift med å ha fleire butikkar.
— Om dette blir den siste? Det er ikkje godt å seie, for slikt veit ein ikkje. Men akkurat no tenkjer eg ikkje i slike banar. Det er i alle fall sikkert at folk vil ha blomster, seier ho.
Det er Magnar Frøyland som byggjer forretningsbygget, og over Kiwi-butikken blir det til saman åtte leilegheiter i to etasjar.