Snøggbåtane forsvinn frå Sunnhordland

Litt naive og urøynde i politikken trudde vi at her var det berre å gjera […]

Litt naive og urøynde i politikken trudde vi at her var det berre å gjera politikarane våre merksame på at dette var i utakt med folkemeininga så skulle denne saka vera ute av verda.
Mange politikarar var og enige. I Framstegspartiet fekk vi god støtte, men i år, når det ikkje er valg år for kommune og fylke, stemmer dei for fylkesutvalet sitt framlegg?!! Tverrpolitisk med Bjarne i spissen har alltid kjempa for Kvinnheradruta, lever han enno?
Sjølv om denne prosessen har pågått i 25 år var vi heller ikkje budde på dei sterke kreftene som var i sving. Her vakna både bygdedyr og andre ubeist, ein bles liv i både lutenstrid og andre usakeligheiter.
Den 7. president i USA, Andrew Jackson, skal ein gong ha sagt at det å styra eit land er alt for viktig til å la folket ta del, det er beklagelig at nokre fylkes- og kommunepolitikarar i Hordaland styrer etter same prinsipp. Fylkesutvalet sitt vedtak om at Kvinnheradruta skal leggjast ned er ikkje i samråd med det Kvinnherad kommune ynskjer. Her var Herøysundet framleis med i ruteplanen.
Rutelaget er framleis overtydd om at ei rute utan stogg i Herøysundet og på Os er ei dyr og lite teneleg rute for dei folkerikaste delane av kommunen.
Det er likevel ikkje åleine at Kvinnheradruta skal leggjast ned som er det mest alarmerande, alternativ 3 i snøggbåtruteplanen (eit fartøy mindre i Sunnhordalandsbassenget) er fleire gonger nevnt i framlegga frå samferdsleutval og fylkesutval. Dersom dette blir vedtatt vil det senda Sunnhordland tilbake til steinalderen når det kjem til snøggbåtforbindelsar.
Fylkesutvalet vil også fjerna 16.00 båten fra Bergen, og be HSD om å flytte siste Flaggruteavgang fra Bergen fram til 16.00. Som om siste avgang ikkje går for tidleg som han gjer?
Vedtaket går også ut på å fjerna 05.20 båten frå Ølen og 05.30 fra Skånevik om morgonen.
Dei vil fjerna Skånevik, Ølen, Tysnes og Fusa frå Snøggbåtkartet, med dei konsekvensane dette vil få for den vanlege reisande og ikkje minst våre skuleelevar i desse delene av Sunnhordaland. (Yrkesskulane i Ølen på Os og i Eikelandsosen).
Ein må også ta med at «Ungdomskortet» nå også gjeld hurtigbåtar og ferjer. Kva hjelper det når ein legg ned dei hurtigbåtane som ungdomen brukar?
Som om dette ikkje er nok, vil utvalet at frekvensen på hurtigbåtar mellom Sunde og Leirvik skal vera på same nivået som i dag, altså ingen auke?
Er det rart at vi i Rutelaget meiner fylkesutvalet ikkje er i takt med folket?
Å flytte Kvinnheradruta til Rosendal er kanskje isolert ikkje det verste som kan skje, dersom dei hadde følgt Kvinnherad kommune sitt forslag med stopp i Herøysundet og Os/Haljem.
Ei direkte rute mellom Rosendal og Bergen, til overmål ei summarrute, har vore prøvd før. Denne hadde så låge passasjertal at ho vart lagt ned.
Neste steg, trur vi, er at ein vil forsøka å snu båten slik at den startar i Bergen om formiddagen med retur frå Rosendal om ettermiddagen.
Planen er i alle fall at fylkessubsidier, meint for samferdsle (billig kommunikasjon for deg og meg og slik at folk kan busetja seg i distrikta), vert brukt til å støtte turistnæringa. Draumen deira er å konkurrera med Sognabåtane om turistane på Strandkaien i Bergen.
Denne gongen har spelet foregått i kulissane og med god støtte fra enkelte i media. Debatten har ikkje gått i det opne rom, slik at folk har vore utelukka fra å delta i debatten heilt til etter at fylkesutvalget har kome med sitt framlegg .
Rutelaget vil difor oppmoda både politikarar og privatpersonar å fylgja med i timen når framtida for rutene våre om kort tid skal avgjerast.

For Rutelaget
Asle Reime og Ståle Stoknes