Snøggbåtar på anbod – uttale

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er kjent med at det i Hordaland Fylkeskommune no vert arbeidd med […]

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er kjent med at det i Hordaland Fylkeskommune no vert arbeidd med den framtidige snøggbåtstrukturen i Hordaland. For Sunnhordland er resultatet av dette arbeid svært avgjerande for den interne samhandlinga innad i regionen, men og avgjerande for korleis ein lettast kan koma seg mot Bergen og Stavanger.
• Styret i Samarbeidsrådet for Sunnhordland krev at Hordaland fylkeskommune legg høgaste fartsalternativ – 35 knop til grunn
• Styret i Samarbeidsrådet for Sunnhordland ber Hordaland fylkeskommune gå inn for alternativ 1 til framtidig rutestruktur.
• For dei reisande i Sunnhordland er det svært viktig at dei ulike rutene er samordna. Ei oppsplitting i ruteselskap vil vera uheldig. Det vil vera spesielt avgjerande at framtidig snøggbåtstruktur i Sunnhordland byggjer opp om ei styrking av Flaggrutetraseen.

Helge Andre Njåstad
styreleiar

Gro Jensen Gjerde
dagleg leiar