Snorklypping og pølsefest

Det flotte veret var ei flott ramme rundt opninga, som var lagt til uteområdet. Styrar […]

Det flotte veret var ei flott ramme rundt opninga, som var lagt til uteområdet. Styrar Jenny Gundersen ynskte velkomen, og spådde ei god framtid for Ølensjøen barnehage.
— Her trur eg me vil få det kjekt. Målet er at me skal lære noko kvar dag, og skapa trygge rammer for borna som gjer at me får gode opplevingar i kvardagen, sa ho.
Andremann ut på talarlista var dagleg leiar i Trygge Barnehager AS, Eli Sævareid. Trygge Barnehager AS er eigar av Ølensjøen barnehage. Ho gratulerte alle dei frammøtte med ein flott barnehage og skrytte veldig av Jenny Gundersen.
— Jenny har gjort ein knalljobb. Ho har vist ein enorm stå-på vilje, og eg vil oppmoda alle som er rundt Jenny i kvardagen til å hjelpa henne og backa ho opp, sa Eli Sævareid.
Ein flott blomsterbukett og eit bilete vart overrekt til Jenny frå eigarselskapet.

Borna i hovudrolla
Varaordførar Peder Lothe sa òg nokre ord før sjølve opninga. Han mimra over barnehagetilboda som har vore i Ølen gjennom tidene og fortalde litt om plan –og byggeprosessen til Ølensjøen barnehage. Etter lykkeønskingar for framtida, gav han Jenny Gundersen eit innramma gåvekort på ei mengde tre og buskar som barnehagen skal få når det byrjar å vårast litt meir.
Snorklypping høyrer alle store opningar til, og Ølensjøen barnehage var ikkje dårlegare. Æra av å klyppe snora fekk seks år gamle Leif Martin Kvamen. Han meistra oppgåva på flott vis og fekk stor applaus etter det vel utførte oppdraget.
Herborg Helland Hundhammer, som arbeider ved barnehagen, hadde laga eigen song for høvet. Den framførte ungane med stor iver. «Er du veldig glad og vet det», vart også framført, då med seks år gamle Erlend Økland som solist. Han stal heile showet med sitt utruleg sjarmerande vesen. Sceneskrekk hadde han i alle fall ikkje.
Då programmet ute var ferdig, forflytta alle seg inn. Der venta eit bognande kakebord og varme pølser. Stor trengsel framfor bordet var teikn på at dette fall i god smak.
Ølensjøen barnehage har 22 tilsette og 104 born, fordelte på fire avdelingar. Saman med Endre Heggen og Håkon Hustveit, har leiinga delt inn avdelingane etter namn frå Ølen. Dei fekk namna Sjoaren, Skrubbasteinen, Joa Kari og småbarnsavdelinga fekk det treffande namnet Litlehagen.