— Eg sender søknad om bygg og regulering denne veka, stadfestar han, men er tilbakehalden med å seie meir.
Før han går vidare med å få finansane og andre praktiske omstende på plass, vil han ha klarsignal frå kommunen på om han i det heile tatt får lov å setje i gang.
Må halde fram
— Det skal vere ein vinterhage med tilbod om mellom anna behandling og basseng, seier hotelleigaren i Vikedal, og viser til prosjektet han lanserte for nokre få år tilbake.
— Men det blir ikkje i same storleiken som dei første planane, legg han til.
Han planlegg eit kring 1500 kvadratmeter stort bygg med mellom anna basseng inni. Han seier han ikkje har den eksakte byggekostnaden ennå, og at han ikkje vil leggje ned noko stort arbeid før kommunen har sagt sitt.
— Eg bestemte meg i god tid før jul for å gå vidare. Det må halde fram her no når det alt er så mykje som er lagt ned av arbeid og pengar på denne staden, seier Birkeland.
Han trur folk treng fleire grunnar for å kome til turiststaden på Mo i Vikedal enn berre for å ete og sove. Han vil lokke folkemassane med det nye anlegget.
— Eg er ikkje interessert i å utdjupe planane noko nærare no, framhevar han.
Treng folk
Sist haust fekk han ordna det omstridde kloakkanlegget ved Vikedal Sæter.
— Det kosta meg nesten ein million kroner, poengterer han.
Det underdimensjonerte kloakkanlegget var årsak til at han gjekk til rettssak mot kommunen og skulda den for å ha halde unna opplysingar om eigedomen då kommunen selde den til han. Han anka saka då han tapte i retten i fjor, og eit meklingsmøte før jul førte ikkje fram. Dermed blir det ankesak, men det er ikkje fastsett tid for denne ennå.
Korleis han får pengar til å halde det gåande og utvikle staden utan inntekt, vil han ikkje seie noko om. På tilsvarande spørsmål frå Grannar sist sommar svara han at han lurde på det same sjølv, og han gav mykje av æra til banken sin.
No er Nils Magne Birkeland og sambuaren hans i ferd med å gjere ferdig annekset, som sikrar totalt 56 sengeplassar på hotellet i Vikedalsdalen. Til påske blir det nyopning.
— Me kjem til å søkje etter folk og satsar på drift heile året, seier han.
Til no har eigaren investert kring sju millionar kroner på turistanlegget, som har vore stengt dei siste to åra. Han har tru på at dalen han held til i har potensiale til å kunne trekkje turistar, berre dei får dei rette tilboda.