Sol, fiske og grillmat

— Me var rett og slett kjempe heldige med veret! Det er nok det eg […]

— Me var rett og slett kjempe heldige med veret! Det er nok det eg er aller mest nøgd med, seier Nils Erik Eide, sommarfestivalsjef.
Om dagen syda det av menneske på kaien i Vikedal, og stemninga var minst like stor på kveldstid.
— På fredagskvelden spela Vestlandsfanden, og då vart det ny publikumsrekord. 1008 personar betalte seg inn på dansen og stemninga var på topp, seier han.
Takka dugnadsgjeng og politi
På laurdag var det torgdag. Her kunne ein mellom anna få kjøpt Ryfylkets beste fiskesuppe, thailandsk mat, gassballongar, klede og anna krims-krams som høyrer med til torgstemninga. På scena underheldt lokale musikkrefter, og ei av gruppene som gjorde ein flott innsats var revygruppa Port Salutt sitt faste band. Deira tolking av Alannah Myles`«Black Velvet», var ein fryd å høyre på. I spissen for denne songen stod far og dotter Andreassen. Pappa Andreas Andreassen spela gitar og dottera Nina imponerte som vokalist.
— Eg synest det er flott at så mange stiller opp på Sommarfestivalen. Eg vil spesielt takka den flotte dugnadsgjengen vår. I tillegg fortener politiet ein takk, dei stakk innom på kveldstid og var veldig hjelpsame, seier Nils Erik Eide.
5000 innom
På laurdagskvelden spela Magne Skålnes og Torry Enghs.
— Det var 950 innbetalande den kvelden. Sidan det var danseband denne kvelden, var publikum av ein litt meir vaksen karakter enn på fredagen, seier Eide.
Fiskefestivalen, som Vikedal båtforening stod for, vart også ein suksess. Nokon rekord vart det ikkje, men når tre andre fiskefestivalar vert arrangerte i nærleiken, er eit deltakartal på 222 fiskarar noko å vera stolt over.
— Det var fiskefestival både på Nedstrand, i Vikebygd og i Vanvik same dagen. Med det i tankane er 222 fiskarar eit svært godt tal. Det er ikkje så langt opp til rekorden som vart sett i 2004 med 250 deltakarar, seier Kåre Lars Tveit i Vikedal Båtforening.
Fiskelukka var ganske bra, trass i det varme veret. Den som fekk aller størst fisk var Bjørn Ove Helgesen. Med sin rugg på 4, 8 kilo, sikra han heimesiger til Vikedal.
Til saman trur Eide at det har vore totalt 5000 menneske innom Sommarfestivalen i helga.