Sol og flott skiføre

Lite snø og mykje sol den siste tida hadde tært på snømengdene oppe i fjellet. […]

Lite snø og mykje sol den siste tida hadde tært på snømengdene oppe i fjellet. Arrangørane, Etne Røde Kors og Skigruppa i Etne IL, måtte slita litt for å leggja opp løypa, som i år var på 14 kilometer.
Turrennet starta i Etnefjellet i 1979, og til vanleg har lengda vore 20 kilometer. I dei tjue åra i mellom har dei helst halde til i Olalia. I år var dei tilbake med start og mål ved Skarstøl, ovanom kraftstasjonen i Litledalen.
— Dette var veldig kjekt. Me hadde skikkelege skispor, sa Elsebeth Heggelund då ho hadde fått av seg skia etter målpassering.
Ho gjekk turrennet for femte gongen. Avbroten av nokre barnefødslar innimellom, slik ho ordla seg sjølv. Denne gongen hadde familien hennar også med seg hund rundt løypa, og hunden såg også ut til å trivast.

Fjellet fristar
Blant dei som naut fjellsola etter vel gjennomført renn, var det mange godord å høyra, både om løypene og om vêret. Smørjinga var heller ikkje vanskeleg, med den snøen fjellet hadde å by på.
Ei som likevel ikkje var heilt tilfreds med skia, var Trude Enge frå Sandeid. Ho hadde smurt seg vekk, i beste landslagsstil.
— Det var bakglatt. Eg tok skøyteskia, sa Trude Enge med ein smil. Ho trøysta seg med at ho hadde fått betre treningseffekt av turen enn veninnene, som hadde smurt skia skikkeleg.
— Det er litt fleire deltakarar enn det plar vera, og me har berre fått skrøyt for løypene, seier Ragni Synniva Fett.
Berre om lag ti deltakarar gjekk miniløypa på sju kilometer. Fleire gjekk tre rundar utan at dei fekk noko ekstra premie for det, og det fanst visst einkvan som hadde slått til med fire rundar i godvêret.