Solid siger til GrannKam

Heilt frå starten av trakka heimelaget aggressivt til på banen mot bortelaget Klepp 2. Ein […]

Heilt frå starten av trakka heimelaget aggressivt til på banen mot bortelaget Klepp 2. Ein solid stall med blant anna Magne Christiansen tilbake for sommarperioden, gjorde sitt til at duellane vart vunne og angrepet sat bra framover.
— Me reiste jo til Egersund med tolv spelarar, deriblant sju juniorar. Så det er godt å ha på plass gode spelarar og ha noko å velja mellom, seier trenar for GrannKam, Frank Abelseth. Med Vidar Lillehammer og Stian Haugland på kvar sin kant, vart det også god sving på angrepsspelet.
— Eg synest me var gode til å komma til på kantane. Angrepsmessig fungerte det veldig bra i dag, seier Abelseth. Kantane kom gong på gong ned til dødlinja og fekk lagt inn innlegg, noko som resulterte i fleire mål for heimelaget. Stian Haugland fekk fyrst hol på byllen etter tjue minutt då han tok godt vare på eit innlegg frå Vidar Lillehammer, og heada ballen sjanselaust bak Klepp-keeperen. Andrelaget til Klepp fekk derimot ikkje ballen i mål før midt ut i andre omgang på eit frispark.
— Me hadde ikkje heilt kontrollen på stillinga 2-1, men trykket blei letta då me gjekk opp til 3-1 og 4-1 mot slutten, fortel Abelseth. Klepp sitt fyrstelag, som til dagleg spelar i andre divisjon, hadde med seg fleire rutinerte og gode spelarar på andrelaget sitt til måndagens kamp.
— Me møtte ein bra motstandar, og dei vil jo vinna kampen like mykje som oss, så det gjeld å stå på og kriga frå start til slutt, seier Abelseth. Fortent var det i alle fall då heimelaget kunne gå av banen med ein solid siger, og ein målforskjell som gjer godt då dei ligg med same poengsum, men fire mål i pluss på tabellen over Etne.
— Me må kosa oss over alle sjansane og kor gode me var i dag. Det er også kjekt å sjå at så mange tar turen og ser på kampane våre, det inspirerer spelerane, avsluttar Abelseth.

4. divisjon avd. 2
Ølen stadion
GrannKam Vindafjord – Klepp 2 4-1 (2-0)
1-0 (20. min.) Stian Haugland
2-0 (62. min.) Espen Vaka
2-1 (70. min.)
3-1 (74. min.) Stian Haugland
4-1 (83. min.) Espen Vaka
Ingen kort.
Dommar: Nils A. Vestvik, Nord, SK
Om lag 30 tilskodarar