— Solsteik og vind verst for plantene

Frosten i seg sjølv gjer liten skade på hageblomar som er vane med norsk vêr, […]

Frosten i seg sjølv gjer liten skade på hageblomar som er vane med norsk vêr, meiner den erfarne gartnaren. Det er mykje ein kan gjera for å gjera det lettare for plantene å koma seg heilskinna gjennom vinteren, men i mange tilfelle vil det vera for seint nå. Som i mange andre samanhengar, er det best å vera føre var.
— Ein kan hogga av grangreiner, til dømes frå juletreet, og leggja over. Det beskytter svært godt, men det er for seint å gjera det nå, seier Ødegård.
Han legg til at det slett ikkje har vore nokon ekstrem kulde denne vinteren. Det er uttørringa som er verst, og plantene hadde vore mykje betre beskytta dersom det hadde hatt eit lite lag snø over seg.
— Det er solsteik og vind som er det kritiske. Søraustleg vind er den verste her i distriktet, fastslår Ødegård, som sjølv har mange av plantene sine under plast.

Ta inn krukker
Dei fleste plantene tåler ikkje meir enn seks-sju minusgrader i rota, før dei stryk med. Roser og andre prydplanter skal likevel tola det vêret me har nå, dersom dei er planta rett. Dei skal vera planta så djupt at frosten ikkje når ned i røtene.
— Det som står i krukker og potter ute, er det som toler minst. Det bør ein ta inn i ein kjellar eller i ein garasje, tilrår Ødegård.
Rododendron er ein vanleg plante i mange hagar her til lands. Dei krøller blada, og klarer seg fint. Hovudregelen er at alt som er hardført, og som ikkje er nyplanta, klarer ein slik vinter som me har hatt nå.

Dusj med hageslangen
Buskar og planter som nyleg er planta ut eller flytta på, bør ein visa litt ekstra omsut når det er langvarige kuldeperiodar.
— Eg har eit godt råd dersom det er veldig ekstreme forhold. Ta vasslangen og dusj plantane, gjerne tidleg om morgonen eller aller helst om kvelden. Då dannar det seg eit lite islag. Det beskytter, seier Arne Ødegård.