Som lyn frå klår himmel

— Det er jo enten eller. Må du bruke fire skot så er du ute […]

— Det er jo enten eller. Må du bruke fire skot så er du ute av tetbiletet. Så enkelt er det, fortel den store overraskingsmannen frå gårsdagens skyting under Landsskyttarstemnet (LS) i Sandnes.
— Klart det er moro når ein lukkast på eit landsstemne. Dette er faktisk femte gongen eg er med under LS, og eg har sjølvsagt aldri vore i nærleiken av noko liknande. Om resultatet held til finaleskyting, er enno litt tidleg å seia. Det er litt enklare her enn det var på Oppdal i fjor, meiner den sindige 19-åringen.
Lærekontrakt
I motsetning til tidlegare år bur Knudsen denne gongen i eit flott hus på Austrått. Berre fem minuttar unna baneskytinga.
— Dei andre åra har det helst vore dårlege campingvogner. Denne gongen kunne eg ikkje hatt det betre. Difor hadde vi også tenkt å vera her heilt til fredag. For å sjå på finalane i mellom anna felthurtigskyting, smiler Knudsen, som no truleg opplever å bli ein del av den finalen.
PS! Den superraske og treffsikre skyttaren frå Skånevik var i vår ferdig med VK2 automatikar på yrkesskulen på Rubbestadneset. No kjempar han for å få seg ein lærekontrakt.
— Det er ikkje lett når du ikkje er frå Bømlo. Eg har likevel eit håp om at det kanskje skal ordne seg hjå SMV. Får truleg svar i løpet av veka, røpar Knudsen.
Det står med andre ord mykje på spel for den unge skåneviksbuen om dagen.