Sommaren kom til torget

— Det passar å ete jordbær i dette veret, seier Stine Sandvold som får fritt […]

— Det passar å ete jordbær i dette veret, seier Stine Sandvold som får fritt val på jordbærbordet til Tommy Johansson.
Ikkje akkurat norske jordbær, men belgiske gjorde også susen med kø framfor bordet til Johansson.
Varmt ved grillen
Litt lenger borte var Sawic Stanislaw blant dei som fekk eit par varmegrader ekstra over grilljobben. Polakken som har fått seg jobb på SMV, synest det var stas å vere med på torgdagane.
Enkelte var nok freista til å sole seg i hagen eller tøffe på fjorden i det fine vêret. Det var eit jamt sig med folk ut over dagen, men ikkje så stor trengsel som det av og til pleier å vere på den populære torgdagen på kaien og sentrum i Skånevik.
— Det er kjekt med det fine vêret, men det er eit kjent fenomen for slike arrangement at då finn folk også andre ting å gjere på. Men her er no ein del folk, seier konferansier Olaf Larsen.
Strandebarm songlag og Skånevik musikklag var det mange som stoppa opp for å lytte til.
Aldri av moten
Ved fiskekummen var Berdines Røgelstad i gang med å fundere på vekta til to laksar saman med sonen Geir. Sistnemnde tar seg turen til heimbygda for å vere med på torgdagane. Begge prøver å få med seg denne junihelga.
— Dette har eg bomma på før, ja. Det er vanskeleg å sjå kor store dei er på grunn av straumen i vatnet. Den største har eg tippa til 8,4 kilo, seier Berdines Røgelstad.
Tippekonkurransar går aldri av moten.
I tillegg til ein matbit og underhaldning, er ein handel på torget denne junilaurdagen.
Gamledagar er sjarmen
— Vi har kledd oss ut i alle år. Det er viktig å halde på tradisjonen. Det er det som er torgdagen, meiner Annette og Tor Inge Knutsen.
Akkurat det er ein tradisjon som står litt svakare på torgdagen samanlikna med for ein god del år sidan.
— Sjarmen blir vekke dersom ikkje folk kler seg ut og skapar litt stemning av gammaldags torgdag. Då kan ein like godt kalle det Skånevikdagane, meiner ekteparet.