— Dei småmobba oss litt før kampstart, og lurte på om det verkeleg var den gjengen her dei skulle spela mot. Etterpå vart dei veldig tagale, smilte midtbaneslitar Sørheim.
Etne-gutane hadde nett levert ein fotballkamp for historiebøkene. Dei sprang og sprang og sprang. Og då det ikkje var meir krefter — eller fleire innbyttarar å ta av — då sprang dei endå litt til.
— Det skal gjera vondt å slå Lyn. Forferdeleg vondt, oppildna trenar Vidar Aastvedt gutane i pausen. Då leia Etne 1-0, etter at store, vesle Sondre hadde stige til vêrs mellom to Lyn-forsvarar og heada ballen kontant i mål. På eit suverent innlegg frå John Inge Birkenes.
Heilt utlada
Der og då lurte nok Lyn-gjengen på kva som hadde truffe dei. Og det skulle bli verre. Eit stykke ut i andre omgongen kopla skåneviksbuen Ådne Tendal inn turboen for n’te gong, og skapte total forvirring i Tippeligaklubben sitt midtforsvar. 2-0. Og tru ikkje at det var flaks. Lyn hadde to store sjansar i heile kampen. Etne hadde også to feite tilbod utanom scoringane.
Nedtur
— Me starta med 3-2 over Grue i den første kampen, og sette punktum for gruppespelet med 2-2 mot amerikanske McLean Youth Soccer. Dermed vann me pulja, og møtte Langhus i 64-delsfinalen i A-sluttspelet. Då var det også slutt. Me tapte 0-1. Ein skikkeleg nedtur. Dei fekk inn eit vanvittig langskot, og me var rett og slett utslitne. Det vart for mykje for ein litt for liten stall. Me hadde berre eit par, tre reservar, og fleire byrja å få problem med det harde kampprogrammet. Ufatteleg surt. Ikkje minst med tanke på at ein siger hadde gjeve oss 32-delsfinale mot Patrick Vieira-laget Diambars frå Senegal, sukka Sørheim.
United-feber
Det ville utan tvil blitt eit møte mellom to publikumslag. Gutane frå Etne har nemleg opplevd ein viss United-feber, sjølv nokre år etter at den populære ungdomsfilmen gjekk på kino. VG hadde eit stort oppslag på gutane i går, og TV2 laga også eit innslag under det daglege Norway Cup-programmet sitt.
— Me har merka ei stigande interesse. Det er berre moro, fortel Sørheim. Dei andre nikkar samtykkande, og humøret er allereie på veg attende. No er det ikkje anna å gjera enn å slappa litt av. Nyta livet på Ekebergsletta, og berre gle seg over det dei har utført i verdas største fotballturnering.
Til A-sluttspelet
Skjoldar har ikkje nett lange tradisjonar for å gjera det skarpt i Norway Cup. Difor var jubelen enorm då dei sikra seg ein plass i det gjeve A-sluttspelet. Med 2-0 over Tjørvåg var andreplassen i pulja eit faktum. Skjoldar vann nemleg 5-1 over russiske Dorserviz i opningskampen, og då gjorde det ikkje noko om Syril vart for sterke (0-4).
— Dette er stort for oss. Me er ikkje så mange, og spelar difor sjuar-fotball. Midt i blinken. Me har alltid eit visst håp om å vinna, men dette var likevel litt i overkant, meinte kaptein og ‹man of the match» som den engelske dommaren kommenterte etterpå, Mats Søvik Isaksen. I 16-delsfinalen møtte dei Vestnes Varfjell. Motstandarane tok leiinga, før Einar Nesheim Myhre fekk balanse i rekneskapen. Skjoldar pressa hardt for endå ei scoring, og det mangla ikkje på tilbod. Men som ofte i fotball, marginane var ikkje på Skjoldar si side. Eitt minutt før full tid var det i staden Vestnes Varfjell som scora, og dermed var cupeventyret over også for tapre Skjoldar-spelarar.
Vindafjord har fått smågute- og gutelaget til B-sluttspelet. Då Grannar gjekk i trykken i går hadde dei ikkje spela sine sluttspelkampar.
Sondre tok regien i storkamp
— Dei småmobba oss litt før kampstart, og lurte på om det verkeleg var den […]