Song jula inn i Skånevik

Det har nå gått ni år sidan Hanne Krogh med musikarane sine la ut på […]

Det har nå gått ni år sidan Hanne Krogh med musikarane sine la ut på første juleturné, og etter det har dei aldri blitt leie.
— Me har gjennomført kring 250 julekonsertar, så det blir litt. Men når me reiser rundt og møter fulle hus og gode kritikkar, gir det oss motivasjon til å drive med dette år etter år, smiler turnéleiar og musikar Stein Austrud.
For eitt år sidan hadde dei konsert i Etne kulturhus, og det var minst like bra som det dei leverte tysdag kveld. Men det er ein viss forskjell frå ein konsertsal og ei kyrkje likevel, du kan kjenne at kjenslene og atmosfæren er annleis i ei kyrkje.
— Julekonserten vår er eigentleg rekna på kyrkjer, det er her programmet passar best inn, seier Hanne Krogh, som er glad for å vere tilbake i distriktet.
Med ei nesten heilt full kyrkje var det mange som endeleg kunne få julestemninga i kroppen, og ein kan seie; skal du kome i julestemning, då er Hanne Krogh sin konsert eit godt val.
Inger Karin Larsen eig Fjordhotellet i Skånevik, og er ei god venninne av Krogh. Det var derfor ho kom til nettopp Skånevik kyrkje for å spele konsert.
— Eg pleier alltid å gå på Hanne Krogh sin konsert for å kome i julestemning, og sida eg i år ikkje hadde tid til å reise bort for å sjå, då måtte eg få henne til Skånevik, seier ho med et smil. Larsen synest som mange andre at det var ein fantastisk konsert.

Song til å hjelpe barn
Saman med koret Voice Of Joy, som er satt saman av menn og kvinner frå Haugalandet, hadde Hanne Krogh med seg gjesteartist Torstein Sødal. Både Krogh og Sødal skryt over koret som også var med dei på den siste julekonserten onsdag.
— Me møter nye kor for kvar plass me reiser til, og det er nook av det som er veldig gøy med å reise rundt. Me treff på nye personar heile tida, seier Torstein Sødal. Sødal jobbar også ein del i utlandet, og har i det siste året reist nedover Aust-Europa der han har hjelpt funksjonshemma barn, og tatt dei med seg på scenen føre 40 000 personar.
— Det er enormt dårlege forhold der nede, då er det fint at eg kan hjelpe til med det eg kan.

Mektig og stemningsfullt
Hanne Krogh byggjer gjennom heile konserten opp rundt juleevangeliet og tonar knytte til høgtidene.
— Ein annleis måte å fortelje juleevangeliet på, seier ho. Kjente julesongar som «Nå tennes tusen julelys», «Glade jul», «Deilig er jorden» var med og tok inn jula i Skånevik kyrkje. Men på den nesten to timar lange reisa gjennom juleevangeliet, hadde dei også andre songar, som kanskje imponerte publikummet endå meir. Leonard Cohens «Halleluja», Rolf Løvlands «You Raise Me Up»» og sist «O helga natt» vart framførde med tenor Sødal i spissen. Det var noko av det mektigaste eg har høyrd. På turneen er dei til saman sju personar, der to lyd- og lysteknikarar og tre musikarar er med utanom Krogh og Sødal. Kjetil Stensnes, Tarjei Nysted og Stein Austrud er alle profesjonelle musikarar og jobbar med musikk heile tida, og har jobba mykje saman med nokon av Noregs fremste popband.
Sjølv om Hanne Krogh og hennar musikarar hadde det flott i Skånevik, innrømde dei at dei sakna Etne noko, og særleg maten dei pleiar å få når dei vitjar Etne på turneen.
— Du kan helse Berit Rafdal og seie me skulle gjerne hatt graut og sveler, det er noko me saknar her i Skånevik, seier Hanne Krogh og ler.

Kurt Inge Nybru