Slik eg minnast var det helst Indremisjonen som la tilrette for desse stemna, som drog mykje folk med seg, og til seg. Eit stemne huskar eg spesielt godt. Det må ha vore ein gong på 1950-talet. Denne fantastiske fine sumarsdagen då dette stemne var i Skånevik. Faktisk trur eg dette må ha vore ein av dei gongane det har vore mest større båtar nokon gong i Skånevik. Det var båtar frå fjern og nær. Frå skøyter, motorbåtar, HSD sine rutebåtar, og båtar som trafikkerte i Nordhordland og rundt om. Den største båten var Hurtigruta, som ankra opp ute på Prestavågen. Passasjerane blei frakta fram og attende av ferja «Arnljot» som tok 8-9 bilar, og gjekk mellom Skånevik og Utåker. Det blei ikkje mange turane mellom Skånevik og Utåker denne dagen, kan eg huska.
Folket som kom reisande fann vegen til Stemnestaden oppe på Prestegarden, der samlinga var denne dagen. Det må ha vore eit heilt arbeid med å rigga til tribuna, og få fram utstyr. Så dette må ha vore dugnad på sitt beste.
Dette stemne, som var tilrettelagt av Indremisjonen, var for alle. Der aktørane og dei som skulle syngja kom frå alle kantar, og det mangla ikkje på program denne dagen. Ein kunne sjå songarane med dei kvite huene, med svart skygge, med rosa i hua som var rund, med fargane rødt, kvitt og blått. Blandakora troppa opp og blei avløyst både av damekor og mannskor med ei preik, eller vitnesbyrd innimellom.
Kor mange tusen som var i Skånevik, sett med barneaugo, denne dagen, veit eg ikkje – men det var mange. Eg vil tru dette stemnet og andre med sin storleik, var ei følgje av folk si gudstru, og at den 2. verdskrig var slutt nokre år tidligare.
Ein kan vel seia det slik – det var den tid då me hadde ein Gud, og trussamfunna var godt forankra i kristendommen rundt om. Der desse samlingane samla mange, og der slekt og venn kunne møtast. På denne tida var ikkje kommunikasjonane slik dei er i dag.
Denne sumarsdagen var heilt utroleg ven og fin, med sol frå klar og skyfri himmel, og heilt vindstille, slik eg huskar det. Og når stemnet slutta av, og dei som hadde reist denne lange vegen fram til Skånevik skulle heim, var også eit spesielt skode kan eg huska.
Der desse båtane starta opp, nokre med einsylindra motor, nokre med steam, og nokre med nymotens diesel, saman med småbåtane. Og med det norske flagget vinkande i vinden, la dei ut frå kai, nokre bles i fløyta, andre i luren.
Baugen peika heim og akterenden med flaget mot oss på kaien. Eimen låg over sjøen som eit godt farvel og takk til ein fin og god sumarsdag i Skånevik.
Ove Wiland
Skånevik