Songkor kan bli lagt ned

— Ein ting er at det blir få stemmer i koret, men det har også […]

— Ein ting er at det blir få stemmer i koret, men det har også ei økonomisk side når vi er så få. Med 14 medlemmer er det ikkje lett å drive koret, forklarer Norleif Fjeldheim som er leiar i Skjold songkor.

Frir etter songarar
Koret starta opp for over 80 år sidan, og etter ein liten pause har det eksistert sidan 1976. Fjeldheim er blant dei som har vore med heile denne siste perioden.
— Det ville vere tragisk om eit så tradisjonsrikt kor må leggje ned. Vi har prøvt sidan i haust å rekruttere fleire medlemmer utan at det har gitt særlege resultat. Difor vurderer vi å slutte av etter årsskiftet dersom vi ikkje får fleire medlemmer, seier Fjeldheim.
Sjølv om koret er kome til eit vegskilje håper leiaren i det lengste at eit lite rop etter songstemmer skal gi resultat. Han frir også etter songinteresserte i Vats og Ølen.

Generasjonsskifte
— Det finst songkrefter både her i bygda og i andre bygder som vi veit om. Kanskje vi kan få napp hos dei eller andre vi ikkje veit om, seier Fjeldheim.
Han meiner koret er inne i ein typisk situasjon som er ganske vanleg; godt etablerte kor taklar ikkje generasjonsskifte.
— Det er ikkje lett å kome ny inn i eit kor med mange erfarne i eit etablert miljø. Det kan lett verke skremmande på nye. Vi tenkjer på det, men det er ei utfordring likevel. Vi prøver å gi nye all den støtte dei kan få, seier leiaren for koret som øver ein gong i veka.
Fjeldheim håpar det ikkje blir slutt med songøving på etterjulsvinteren, men koret har bestemt seg for at det blir utfallet dersom det ikkje blir fleire songfuglar i rekkjene.