Og er det noko som irriterer folk, så er det søppel som flyt på denne måten. Og det er fullt forståeleg. Det er ikkje dungar med søppel me har lyst å visa turistar og andre som reiser gjennom distriktet vårt. Det er med og øydelegg eit elles godt inntrykk av busetnad og natur.
Men når me kjem til spørsmålet om kva som kan gjerast for å bukt med dette svineriet, er det ikkje noko godt svar. Det er Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM), som har ansvaret for tømming av søppel i våre kommunar. Men dei klarer ikkje å halda unna for alt bosset. Sjølv om containerane ved E134 i Etne sentrum til dømes blir tømde to gonger i veka, fløymer bosset over.
Nå har HIM funne ut at containerar ikkje er løysinga. Dei vil tvert imot fjerna nokon av dei. I staden for vil dei tilby private dunkar. HIM jobbar også med eit system der kundane kan kjøpa ekstra sekkar dersom dei har behov for meir enn ein søppeldunk. I dag tar ikkje renovasjonsselskapet med seg søppel som står utanfor dunken.
Me forstår at stadig meir søppel kan vera eit problem for renovasjonsselskapet som skal handtera det. Men sanninga er, anten me likar det eller ikkje, at me kastar meir søppel enn nokon gong. Me er som Erik Kvalheim, fagansvarleg for miljø og kultur i Etne kommune, skeptiske til løysinga om å fjerna containerar. Tvert imot trur me det vil samla seg meir søppel ved dei containerane som blir igjen, og på andre stader. Eit døme på det er ved Steinshagen i Etne der containeren nå er fjerna; folk set frå seg søppelet som dei har gjort før. Me utfordrar både HIM, kommunane og andre som måtte ha noko med det å gjera, om å finna ei løysing på problemet slik at me til neste sommar slepp å sjå søppel som flyt over langs vegane våre.