Og det er både synd og skam at nokre få skal få øydeleggja for dei mange. Men slik er det ofte. Og ikkje minst når misbruket som det kallast, kan få plassering på hovudkaien i Ølensjøen på lovleg vis. Men grunnen er kanskje ein heilt annan. Det er det evige spørsmålet om økonomi som er nemnt. «Det er pengar og ikkje visdom som styrer verda», heiter det i eit gamalt ordtak. Slik det skjer så ofte i samfunnet i dag. Men den nye ordninga vil sikkert gå seg til. Ein vil framleis bli kvitt papir og anna i sekk som vert plassert ved sida av bossdunken, om dette er oppfatta rett.
Men det verste i den nye ordninga er at den årlege vårryddinga av all slags skrap, gamle møbler og anna vert slutt. Kanskje avdi den vert for kostesam for selskapet.
Aberet er berre at nå vil truleg mykje av skrotet hamna ute i naturen. Dei same syndarane som nemnt ovanfor, veit alltid råd med slikt. Mange i Ølen sukkar difor etter same ordninga med miljøstasjon som i Etne, og at våren og reingjeringa vert som før. Men det er vel som å tru på julenissen. Men ein kan vel spørja kva ein brukar politikarar til?
Ser og høyrer dei kva som er i ferd med å skje? Har dei noko dei skulle ha sagt i ein slik samanheng?
Eit anna spørsmål er om det ville mona noko med ein auke i renovasjonsavgifta. Heller det enn å møta skrot ute i Guds frie natur. Elles når det gjeld misbruk, så kunne ein kanskje ha møtt dette problemet med informasjon tidlegare. Skilt på miljøstasjonen. Og med bod om straff på pungen om slikt vart oppdaga.
Me er så flinke nå til dags å ropa på politi. Men det er ofte som å ropa i skogen. Dei har vel meir enn nok med alvorlegare saker. Men det er kanskje verdt å minna om at «Det er mennesket som er naturens herre».
Endre Heggen