Søstre opnar ny frisørsalong

Den nye frisørsalongen ligg midt i Vikedal sentrum mellom gamle postkontoret og gamle trygdekontoret. I […]

Den nye frisørsalongen ligg midt i Vikedal sentrum mellom gamle postkontoret og gamle trygdekontoret. I lokala der har søstrene Siw Elena og Ane Kesia innreia ein spennande salong der dei tek i mot kundane sine. Begge er utdanna dame- og herrefrisørar.
— Vi har begge svennebrev som dame- og herrefrisørar, så dette er ei meisterbedrift, opplyser dei.
Sjølv om dei ikkje har drive aktivt dei siste åra, har dei vore på oppfriskingskurs med jamne mellomrom og er oppdaterte innan dagens hårmotar.
Tida mogen
— Vi har alltid tenkt at vi skulle starte i lag her i Vikedal, kor vi er i frå, og nå var tida mogen. Gjennom åra har vi stadig fått spurnad om vi ikkje skulle opne salong. Og når vi nå opna, var responsen enorm. Vi inviterte lokalbefolkninga til opninga onsdag, og det vart ein festdag for oss. Tilbakemeldingane vi har fått har vore svært positive. Ja, vi er overvelda over den gode responsen vi har fått, fortel dei.
Men det ligg mykje arbeid bak den nye salongen. Dei fortel at dei har jobba med lokala dei to siste månadene, og resultatet talar for seg sjølv. Lyst, fint og moderne er det blitt.
Namnet på salongen er eit ordspel, og logoen har dei laga sjølve.
— Ein seier ein skal fixfaxe seg når ein skal til frisøren, difor fann vi ut at det var eit lagleg namn, seier dei to frisørsøstrene.