Sp inviterer til fleirtalskoalisjon

— Eg trur det skal bli tøft å vera seks parti og bli samde. Sjølv […]

— Eg trur det skal bli tøft å vera seks parti og bli samde. Sjølv om det i teorien verkar flott å vera ein stor koalisjon, trur eg det kan bli ei stor utfordring når ein heile tida skal innfri alle sine forventningar, seier Terje Halleland (Frp).
Eit samarbeid mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og bygdelistene i nye Vindafjord vil gi eit fleirtal på 25 av 33 kommunestyrerepresentantar. Halleland ser at det vil bli vanskeleg å vera i opposisjon.

Ulike utgangspunkt
— Me kjem nok til å ha eit samarbeid med Høgre, men dei andre får jo fleirtal, seier han.
Han meiner det vil bli interessant å sjå kva partia og bygdelistene kan få ut av samarbeidet sitt.
— Eg tenker då på ordførarkandidatane til andre valomgang som har hatt ulike utgangspunkt når dei har uttalt seg, seier Halleland.
Også Dagfinn Torstveit (H) trur koalisjonen kan få ein hard jobb.
— Det ser veldig utfordrande ut, men det får bli deira problem, seier han.

Sonderingar
Tysdag hadde ordførar Arne Bergsvåg (Sp) invitert gruppeleiarane i alle parti og bygdelister til eit første sonderingsmøte.
— Eg hadde eit utspel til løysingar til formannskapet og gruppeleiarane går nå tilbake til sine grupper for å ta det opp der, seier Bergsvåg.
— Blir det ei omforeint løysing i formannskapet?
— Nja, me diskuterer veldig ope. Eg trur ikkje det blir ei fellesliste, men det er ikkje noko mål i seg sjølv heller, seier ordføraren.
Måndag reknar han med å kunna presentera varaordføraren, formannskapet og leiarane av dei tre komiteane.

Positiv
— Me har sagt at eit samarbeid med Sp og bygdelistene er primært. Nå blir KrF også med og det er for så vidt greitt, seier Reidar Håvås (Ap).
Dei mest aktuelle kandidatane til vervet som varaordførar er Reidar Håvås og Oddvar Haugland. Truleg blir Håvås varaordførar. Sjølv ynskjer han ikkje å kommentera det.
Oddvar Haugland (KrF) seier invitasjonen frå Sp om samarbeid er i tråd med KrF sine ynskje.
— Me sa på eit tidleg tidspunkt at me ynskte å vera med i ein fleirtalskoalisjon rundt ordføraren, seier Haugland.
I følgje Ottar Ohm er Tverrpolitisk liste for Vats og Skjold positive til å komma i posisjon.
— Me er positive viss me får ein koalisjon. Ettersom me ikkje har direkte rett på formannskapsplass er det viktig for vår del med ein koalisjon og at me kjem oss inn i formannskapet, seier Ohm.
Rune Hetland, Vikebygd bygdeliste, legg vekt på at alle må oppleva samarbeidet som rettferdig.
— Så lenge samarbeidet er slik at det kjennest fornuftig for alle og at dei som ikkje er med, oppfattar det som rettferdig, synest eg samarbeidet er positivt. Utan samarbeid, har ikkje me styrke nok åleine til å komma i posisjon, seier Rune Hetland, Vikebygd bygdeliste.
Også Krinslista for Bjoa og Haugsgjerdet stiller seg positiv til å vera med på samarbeidet, i følgje Ingrid Steinsland.