Det er visst nokon som har fått ein slik jobb og den er sikkert godt betalt, og så fer dei rundt alle plasser, og då er det om å få vekk mest muleg, so folk må kjøpa nytt.
Eg hugsar då eg vaks opp. Då heiv me ikkje noko om det kom ei lita sprikke i noko. Det er ikkje alltid dei vil spara. Det er berre når det gjeld dei gamle det gjeld. Og i den tid var folk friskare og. Eg hugsar den tid det var ein doktor i Ølen. Han hadde 1 dag i veka i Etne, og det gjekk fint. No er det fem doktorar i Etne , men ein må helst bestilla time nokre dagar før ein vert sjuk. Dei har fått det godt til når dei har fast betaling samma om me er der eller ei.
Sina Hardeland