Sparebank festar grepet

Haugesund Sparebank skal etter planen inn i dei tidlegare postlokala ved møbelbutikken i Ølen sentrum. […]

Haugesund Sparebank skal etter planen inn i dei tidlegare postlokala ved møbelbutikken i Ølen sentrum.
— Det er interessant for banken å etablere seg i kommunesenteret for nye Vindafjord. Vi har dessutan ein god del kundar i Ølen, og vi er i vekst i dette området, forklarer banksjef Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank i Sandeid.

Fem bankkontor
Når banken opnar kontor i Ølen i september, blir Larsen banksjef for fem bankkontor i Haugesund Sparebank sitt kontornett i nye Vindafjord. Det må vere nærmare Noregsrekord at den same banken har fem bankfilialar i ein kommune med rundt 8.000 innbyggjarar.
— Vi legg vekt på å ha eit godt tilbod nær kunden i bygdene. Det har vore profilen vår i alle år. Stadig fleire banktenester blir utførte heime på pc og andre måtar, men kunden har større behov for rådgjeving, fortel Larsen.
Dette er ein tradisjon som starta i 1964 då Haugesund Sparebank tok over Sandeid Sparebank, og seinare har banken overtatt sparebankar i Imsland og Skjold. Siste på stamma var etablering i Vikedal i 2002 då banken kjøpte opp Fokus Bank. Og femte på vogna blir altså Ølen.

Reduserer i Imsland
Dermed får Haugesund Sparebank fleire bankkontor i nye Vindafjord enn samla i resten av området sitt. I Haugesund har banken hovudkontor i Haraldsgata, og filialar på Amanda og i Gard Senter. Pluss eit avdelingskontor på Bømlo.
Larsen skal vere banksjef for alle fem kontora i Vindafjord, men den daglege drifta er det avdelingssjefar som har ansvaret for. For banken betyr nyetableringa at dei skal få eit kontor ekstra ut frå det personalet dei har i dag.
I den nye kabalen vil det bli redusert opningstid i banken i Imsland, men bygda skal framleis få eit banktilbod gjennom Haugesund Sparebank. Det nye kontoret i Ølen skal mest sannsynleg ha ope kvar dag.
— Alle fora i banken er positive til å etablere seg i Ølen. Det er ei felles oppfatning at vi bør vere til stades i kommunesenteret. Det er jo også eit skulesenter, seier Larsen.

Tre bankar i Ølen
Med ti minutt mellom bygdene Ølen og Sandeid meiner Larsen det alt er konkurranse mellom bankane i dag. Men han legg ikkje skjul på at konkurranse betyr at dei er interesserte i å få meir av bankfatet i Ølen.
— Klart vi har lyst på fleire kundar. Det er dei vi lever av, og slik har det alltid vore, forklarer Larsen som helst vil tone opp kommunesenteret som bakgrunn for etableringa, og i mindre grad at dei skal blåse SR-Bank og Postbanken tettare i nakken i Ølen.
Dimensjoneringa av kontoret i Ølen er ikkje heilt klart enno, men Larsen reknar med at det blir inntil to stillingar i banken i første omgang.