Sparebanken Vest vurderer Etne

— Etne sentrum er eit interessant område for oss. Me har ein del kundar der […]

— Etne sentrum er eit interessant område for oss. Me har ein del kundar der frå før, og me vurderer Etne, seier Arnt Sortland, regionbanksjef i Sparebanken Vest.
Bankkjeda med hovudsete i Bergen har sidan 1982 vore etablert i Skånevik etter at Skånevik Sparebank gjekk inn i Sparebanken Vest.
Sortland avviser at det er aktuelt å flytta kontoret i Skånevik til Etne.
— Det er i tilfelle snakk om eit nytt kontor, seier han.
— Er det marknad for ein bank til i Etne?
— Ja, det vil eg tru. Når det er marknad for fleire bankar i Ølen, Kvinnherad, Stord og på Bømlo, trur eg det er marknad for det også i Etne. Konkurranse er alltid sunt, seier Sortland.
Banken siktar seg inn på både private og næringslivskundar.
Neste år
Den endelege avgjerda om etableringa vil bli teken i løpet av første kvartal i 2006, og eit eventuelt kontor kan vera på plass i løpet av neste år. Lokale er ikkje klarlagt, men kontoret skal bli å finna i sentrum av Etne.
I følgje Sortland har Etne vore i søkelyset det siste året etter at Sparebanken Vest har gått gjennom strategien sin og sett på nye moglegheiter. Ut på nyåret opnar Sparebanken Vest også kontor i Haugesund.
Skjerpar konkurransen
Harald Lindevik, banksjef i Etne Sparebank, meiner at ei ny banketablering i Etne, både har positive og negative sider.
— Min første reaksjon er at det kan komma til å skjerpa konkurransen i bygda, og konkurranse er ofte utviklande. Konkurranse er me kjende med frå før, men dette blir ein annan type, seier Lindevik.
— Marknaden er ikkje så veldig stor i Etne-bygda, så ein kan stilla seg spørsmålet om marknaden er tent med to bankar så nær kvarandre, men me ser at liknande etableringar skjer andre stader, seier Lindevik.