Spelar for Lydloftet

— Det er ein del artistar innover som ikkje har fått plass, men eg oppfordrar […]

— Det er ein del artistar innover som ikkje har fått plass, men eg oppfordrar folk innover til å arrangera konsert. Så kan me få ein farsott, seier Helge Toft.
Brannen i det nye lydstudioet på Ljoshall i Etne har engasjert musikkmiljøet i Haugesund. 16 artistar har takka ja til å stilla opp på Byscenen førstkommande onsdag, og i følgje Toft har det ikkje mangla på interesse.
— Me kunne sikkert hatt konsert i fleire dagar. Haugevis av band ville vera med. Responsen har vore heilt ekstrem, seier han.
— Viktig med lydstudio
Responsen blei så stor at ein eigen komité måtte setjast ned for å sila ut kven som skulle få vera med.
— Det har vore veldig vanskeleg. Me ville at alle skulle vera med, men det er ikkje plass. Dei som nå er med har direkte linkar til studioet, seier Toft.
Han trur det store engasjementet etter Ljoshall-brannen botnar i at musikkmiljøet har behov for eit lydstudio her i distriktet.
— Det er ufatteleg viktig for regionen at me har eit steinbra studio slik at me slepp å reisa til Oslo og Trondheim. Folka på Lydloftet er idealistar og veldig dyktige. Dei blir rekna med nasjonalt, seier Toft.
Fulle hus
Artistlista onsdag består blant anna av Vamp, Low Frequency in Stereo, Matti Røssland, Huldra, Haugesund Popensemble, Bjørn Berge, Odd Martin Skålnes, Kine Nesheim og Sandeid-jenta Mari Vestbø.
— Det blir ein kanonkonsert. Bjørn Berge, Low Frequency og Vamp, berre dei tre burde trekka fulle hus, seier Toft.
— Eg gler meg, seier han.
Pengane som kjem inn frå konserten går til å bygga opp igjen lydstudioet, uavhengig om det blir på Ljoshall eller ein annan stad.