Spelet i Høgre

For bilete er meir komplekst enn det. Gjennom åtte år som ordførar har Amund Enge […]

For bilete er meir komplekst enn det. Gjennom åtte år som ordførar har Amund Enge få resultat å visa fram. Han blir framstilt som ein folkelig fargeklatt, men det gjev ikkje konkrete politiske resultat. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at Amund Enge for ofte handlar og snakkar før han tenkjer på konsekvensar. Det blir for mange gleppar til at han klarar å halda på tilliten og seriøsiteten han må ha som ordførar.

Det er til slutt nominasjonsmøtet som skal avgjera kven som vert Høgre sin ordførarkandidat ved kommunevalet til hausten. I teorien kan tilhengjarar av Amund Enge komme på bana å fremja benkeforslag på han. Ordføraren sjølv seier at han vil gje seg med politikken, men vil ikkje avvisa å vera kandidat dersom andre lanserer han. For Amund Enge har støttespelarar i partiet. Spørsmålet er om dei er mange nok.
Vraking av ein sitjande ordførar, som tydeleg har signalisert at han vil halda fram, er oppsiktsvekkjande. Truleg har nominasjonskomiteen gode støttespelarar internt for sitt val. Skal Amund Enge takka ja til å ta kampvotering, må han vera relativt sikker på å vinne fram. Elles vert sortien ekstra lang. Oppturen ved å vinna fram er heller ikkje større enn at det vert ein personleg revansj over nominasjonskomiteen.

For Høgre har, slik situasjonen er blitt, sett seg sjølv i ei kattepine som det er vanskeleg å kome sigrande ut av. Vrakinga har solid støtte, samstundes som fleire som har sagt ja til å stå på vallista signaliserar at dei vil vurdere sitt kandidatur etter at Amund Enge vart vraka. Det viser at partiet er splitta. Ordførarvervet er blitt ofra i spelet for å bli kvitt Amund Enge.
Skulle det no skje at Amund Enge likevel vert partiet sin ordførarkandidat til hausten, vil Høgre same kva ha vanskar med å vinna valet. Dermed er vegen rydda og klar for at ordføraren i Etne frå hausten av heiter Siri Klokkerstuen og kjem frå Arbeidarpartiet.