Det er nok i supernasjonal inntil 2000 kubikk at den største spenninga vil bli utløyst i løpet av dei to siste rundane i årets Vestlandsmeisterskap. Knut Erik Ludvigsen, som sist helg tok sølv i NM i rallycross, med same poengsum som vinnaren Herbjørn C. Haug, har tatt mål av seg å ta heim Vestlandsmeisterskapet i år. Ludvigsen er likevel ikkje mannen som leiar før runden i Vikedal. Det er Ole Kristian Nøttveit, som har komme som eit skot denne sesongen, og som blei nummer fem i NM i rallycross, og er i tillegg med i kampen om ein medalje i NM i bakkeløp. Likevel er det litt usikkert om Nøttveit stiller i Vikedal.
— Eg er påmeldt og planen er heilt klart å kjøre, men på grunn av arbeidssituasjonen min offshore, er eg litt usikker om eg kjem i land tidsnok til at eg når løpet, seier Nøttveit, som legg til at dei to siste løpa i Vestlandsmeisterskapet er viktige løp for han.
Mens det er to poeng som skiljer Nøttveit og Ludvigsen, er det nok eit poeng ned til Svein Bjarte Holten. Holten blei nummer ni i NM-samandraget, og sjølv om altså resultata der viser at Ludvigsen og Nøttveit er sterkare på papiret, er kun siger på Vikedal Motorbane godt nok for Holten, om han skal kunne henge med i Vestlandsmeisterskapet.
I tillegg til desse er også Kjetil Møn og Roar Ulvatn, NAF Nordhordland og Tore Flydal, NMK Vikedal påmelde i supernasjonal inntil 2000 kubikk. Roar Ulvatn har også kjørt NM, og kjem stadig sterkare utover i sesongen, mens Tore Flydal, som ikkje har kjørt rallycross sidan 1997, stiller i Escorten til Leif Roald Bjelland.
Vil setje banerekord
I store supernasjonal var det berre Ernst Holten Leifsen og Stian Haugan som stilte til start under sesongopninga på Vikedal Motorbane i april. På løpet på søndag stiller, i tillegg til Holten Leifsen, både Tommy Bakkerud, Nils Arve Helland, Øystein Verlo og Håvard Gaassand i denne klassen. Holten Leifsen har kjørt alle løpa i Vestlandsmeisterskapet, og fått ei solid leiing samanlagt. NMK Bergen-føraren Øystein Verlo, som etter opninga på Vikedal Motorbane i april, valte å gå over frå nasjonal til supernasjonal, ligg på fjerde plass, men vil nok kunne nærme seg Holten Leifsen om han får gode resultat i dei to gjenståande rundane.
I rallycross nasjonal har Ørjan Lutsi vore suveren så langt i sesongen. Han har vunne alle rundane i klassen over 2400 kubikk han har stilt opp i Vestlandsmeisterskapet, og vann også bakkeløpscupen, sjølv om han stod over finaleløpet i Førde. Det er ingen som blir overrasket om han tar ein ny siger i Vikedal på søndag.
Spennande innspurt i Vikedal
Det er nok i supernasjonal inntil 2000 kubikk at den største spenninga vil bli utløyst […]