Dei vann sine klassar under laurdagens bakkeløp, mens Rune Lutsi og Steinar Stokke tok seg av seieren i nasjonalklassane.
Under søndagens rallycross var det nye poeng å kjempa om, og aller best i gang kom Eivind B. Nevland i store super, som kjørte raskast på tidskvalifiseringa.
— Bakkeløp ligg ikkje for meg, så nå håpar eg på å ta revansj her i rallycross, var kommentaren etter at kvalifiseringa var unnagjort.
Og Nevland viste kva han var god for då han sette alle konkurrentane på plass i første omgang, med tida 1.51.68, over sju sekund før andremann Øystein Verlo. Men i andre omgang sa det berre pang i Nevland sin bil, og i depot kunne han konstatere at det var eit stort hol i girkassen.
— Dette var reservekassen, men eg har ikkje fått den nye, så det blir ikkje meir kjøring på meg i dag.
Ørjan Lutsi lei same skjebne og måtte kasta inn handkledet etter første omgang, etter at han på glimrande vis hadde tatt seg inn til andre plass under laurdagens bakkeløp. Også Tommy Nodland og Jostein Skjerve fikk tekniske problem, og dermed var berre Øystein Verlo, Stian Haugan og Svein Bjarte Holten klare til finalen.
Det var Stian Haugan som hadde det beste utgangspunktet etter to bestetider i andre og tredje omgang, og kunne gjere seg klar i «pole position».
Likevel var det Svein Bjarte Holten som ville vinna, og han pressa seg forbi Haugan inn mot første sving, og sjølv om Haugan følgde han som ein skygge gjennom heile finalen, hadde Holten kontrollen, sjølv om det høyrdest faretruande ut.
— Tredjegiret forsvann og det kom ein stygg lyd frå girkassen, men det heldt heldigvis, sa ein svært lykkeleg Svein Bjarte Holten etter målgang. Hanom kjørte sitt første løp i store super etter 20 år i toliterklassen.
— Denne seieren har eg venta på lenge, dette smaka godt.
Også Stian Haugan var fornøgd med sesongdebuten, med seier i bakkeløpet og andreplass rallycrossen.
— Alt fungerte gjennom heile helga, og allereie under bakkeløpet følte eg at bilen var blitt mykje meir lettkjørt med den nye motoren.
Siste mann og nummer tre i store super, Øystein Verlo, var også fornøgd.
— Ja dette var gøy, og spesielt moro å kunna reisa heim igjen med heil bil.
Heldt hardt
I toliterklassen skulle det nok ein gong bli eit oppgjer mellom Ole-Kristian Nøttveit og Knut Erik Ludvigsen. Nøttveit kom best i gang og vann bakkeløpet, mens Ludvigsen kunne toppa det heile på rallycrossen. Likevel var det kanskje Kjetil Møn som overraska aller mest, og blei nummer to begge dagar. Han kjører sin gamle BMW i påvente av at ein ny Peugeot 206 skal bli ferdig.
— Har berre børsta støvet av BMW´n før sesongen, så dette må eg vera fornøgd med, seier han, og håpar å kunna stilla i ny bil om halvannan til to månader.
For Knut Erik Ludvigsen blei nedtur etter bakkeløpet snudd til opptur etter søndagens rallycross.
— I går kunne du fått bilen billig, men etter seieren i dag er det balanse rekneskapet og eg har like mange poeng som Ole Kristian Nøttveit.
For Nøttveit blei det full dramatikk før finalen.
— Girkassen rauk og vi måtte ta ut girkassen av Cato Andresen sin bil og setja den over i min, så tredjeplassen var skikkeleg bonus i dag.
Grei overgang
I rallycross nasjonal var det Rune Lutsi som kom best i gang i bakkeløpet og vann den minste nasjonalklassen. Under laurdagens bakkeløp, og på søndag kunne far Sigmund Lutsi kjøre inn til seier i den same bilen. Dermed var det KNA Haugaland-føraren Frode Fresvik som med to andreplassar kunne innta leiinga i Vestlandsmeisterskapet etter to kjørte rundar.
I store nasjonal var Steinar Stokke suveren, og vann begge dagar. Etter mange år i VW Boble, har Stokke nå overtatt Volvo 240´n til Roger Kalstad. Overgangen gjekk over all forventning.
— Eg er kjempefornøgd både med kjøringa og bilen gjennom heile helga.
Nytt av året er også at bilcross junior er blitt ein del av Vestlandsmeisterskapet, og NMK Vikedal-føraren Jens Idar Juel vann det første løpet før Arnt Olav Lillesund og Aleksander Stople.
— Målet mitt i dag var å kvalifisera meg til NMK Vikedal sitt
juniorlag og at eg i tillegg skulle vinna var meir enn forventa