Jubileumskabareten starta med ei humoristisk samtale mellom Øyvind Bakkedal og dirigent gjennom alle åra koret har eksistert, Ola Vikedal, om korleis Olagutane vart skipa. Gjennom heile programmet vart det gjeve små glimt av kva som rører seg på øvingane, og korleis desse gutane har greidd å halde det gåande samanhengande. Fleire som er med i dag, har vore med frå starten.
Det er tydeleg at det er ein glad gutegjeng som samlast kvar onsdagskveld, og ikkje berre syng, men også får ein god drøs over ein kaffikopp. Jubileumskabareten var sett saman både av stoff som var framført i tidlegare kabaretar, og nytt stoff.
Kabareten opna med den første songen dei begynte å øve på etter at dei var starta, «Kissebæret». Dette er ein amerikansk folketone med tekst av Hartvig Kiran.
Så følgde song og gjøgling slag i slag. Det var lett å høyre at gutegjengen hadde øvd på det dei framførte. Små dramatiseringar levandegjorde mange av songtekstane.
Utan å gjere nokon urett, kan vel nemnast Kåre-Lars Tveit sin glade dans som Rønnerdahl med blomsterkrans i håret i «Sjøsalavals», som eit av høgdepunkta.
Men solistane, Bernt Leite, Jimmy Hunt, Olav Høiland, Ola Gjerde og Øyvind Bakkedal, gjorde som alle dei andre i koret ein flott jobb. På programmet kom kjende og kjære tekster som perler på ei snor av mellom andre Jakob Sande, Vidar Sandbeck og ikkje minst Evert Taube. Visesongaren Jimmy Næs var hyrt inn som gjesteartist. Han framførde viser av blant andre Stanley Jacobsen og Rudolf Nilsen.
Stordingane som spelte til både kabareten og seinare dansen, kunne også sakene sine.
Til slutt takka Øyvind Bakkedal på vegne av Olagutane dirigent Ola Vikedal med ein sjekk for alt arbeid han legg ned. Også kona til dirigenten, Else Vikedal fekk blomster og takk for at ho låner bort mannen sin kvar onsdagskveld.
Ola Vikedal takka og lova at han ikkje vil gje seg på ei stund endå. Dette lovar godt.
Stå på gutar, og takk for ei koseleg kveldsstund.
Arnhild Aaen