Kollisjonen skjedde 21.58 måndag kveld, rett aust for Fatland slakteri. Den 55 år gamle mannen frå Ølen mista kontrollen over bilen sin då han kom utanfor kanten på vegbana på veg austover. Vidare gjekk ferda inn i hengaren på ein møtande trailer og inn i fjellveggen. Bilen vart ståande på tvers i vegen og sperra dermed for all trafikk. Då politiet kom til staden fann dei blodspor i bilen, men mannen var borte.
Etter to timar, like før midnatt, fann politiet 55-åringen.
— Mannen var i fin form, men var ikkje edru. Politiet tok ein blodprøve av mannen og tok førarkortet hans, seier operasjonsleiar Harald Aase ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Sperra vegen og stakk av
Kollisjonen skjedde 21.58 måndag kveld, rett aust for Fatland slakteri. Den 55 år gamle mannen […]