Sponheims trugsmål

Det er ganske uvanleg at ein statsråd trugar ei yrkesgruppe med sparken dersom dei ikkje […]

Det er ganske uvanleg at ein statsråd trugar ei yrkesgruppe med sparken dersom dei ikkje gjer som ministeren vil. Det er ikkje uvanleg at Sponheim brusar med fjørene, men denne gongen kan det tyde på at landbruksministeren er sur fordi han ikkje nådde fram med ein litt for lur strategi.

Det er ganske nytt at veterinærane skal vere ei spesielt grådig yrkesgruppe. Dyrlegane har fått aksept for at dei kan samanliknast med vederlaget legane har for å ha vakt kveldar, netter og helger. Sponheim var villig til å gi nok pengar i potten. Brotet kom fordi han tok ein innersving og ville betale gildet ved nesten å halvere talet på vaktdistrikt.
I praksis er det difor veterinærane sjølve som må vere med å betale det staten la i bordet. Gjennom større ansvar og meir reising for den som har vakt. Det er ganske sannsynleg at veterinærane har rett i at dette vil gå ut over tilbodet dei er i stand til å gi. Når ein veterinær skal ha ansvar for i gjennomsnitt fire kommunar, og i verste fall må køyre 20-30 mil, kan det fort bli for seint for kua som står sjuk på båsen.

Sponheim trugar med å ta frå veterinærane godkjenninga dersom dei ikkje stiller opp for sjuke dyr. Det er spel for galleriet. Både han og veterinærane veit at det har dei plikt til etter lova. Men dei kan som alle andre som ikkje har vakt, slå av mobilen og ta ein tur på restaurant eller gå på besøk til naboen, utan at Sponheim kan løfte ein finger.
Når Sponheim instruerer Mattilsynet om å avtale vaktordning med den enkelte veterinær for å undergrave felles front gjennom Den norske veterinærforening, viser det at landbruksministeren har trøbbel som arbeidsgjevar.