Spør ungdommen

Dette er eit problem som arrangøren av Etnemarknaden må finna ut av. Men lett er […]

Dette er eit problem som arrangøren av Etnemarknaden må finna ut av. Men lett er det ikkje. Det har vore prøvd med ulike tilbod for dei yngste ungdommane, men ingen av dei har slått skikkeleg an. Når det har vore arrangert ungdomsdiskotek, som har vore både på kulturhuset og i telt, har flesteparten av ungdommane stått utanfor.

Men det nyttar ikkje å resignera. Og prøva å stengja ungdommane ute frå marknaden nyttar ikkje. Det er det vel heller ingen som vil. Dei er jo ein del av publikum til liks med barn og vaksne. Det er også den generasjonen som blir det nye marknadspublikummet.
Me trur ikkje løysinga er å stengja ungdomscampen. Ein kvan stad må dei gjera av seg dei som kjem til bygda. Men me trur ikkje det er rett å opna campen for publikum som eit anna arrangement. Det er greitt nok å halda ungdommane samla. Men det er eit dårleg tilbod berre å sitja inne på ein campingplass å drikka. Det viste jo årets marknad til fulle.

Ungdommane fortener eit betre tilbod enn dette. Kanskje bør ein kutta litt på nivået på den andre underhaldninga og heller spandera meir på tilbod til dei yngste ungdommane. Me spår at hadde Idol-Kurt eller andre med same status hatt konsert for dei yngste, hadde dei funne vegen, og ikkje blitt verande på ein campingplass.

Ta ungdommane med på råd og høyr med dei kva som kan gjerast for at alle kan ha det kjekt på marknaden. Slik det utarta seg i år er ikkje kjekt for nokon og er ein dårleg reklame for Etnemarknaden.