2. Barnehagen som del av utdanningssystemet. Kva syn har partiet på dette? Kva vil dette ha å seia for innhaldet i barnehagen og spørsmålet om barnehagerett for alle? Kva Departement bør ha ansvaret for barnehagane?
3. Friskulelova. Kva syn har partiet på tilhøvet mellom offentlege og private vidaregåande skular? Vert «forbodet» mot profitt reelt, eller bare retorikk? Korleis er det mogeleg å handheva dette forbodet?
4. Fritt skuleval. Kva er partiet sitt syn på fritt skuleval og kva konsekvensar ser de av fritt skuleval i vidaregåande skule?
5. Den offentlege fellesskulen. Kva vil partiet gjera for å forsvara den offentlege fellesskulen?
6. Internasjonale testar og nasjonale prøver. Kva meiner partiet er føremålet med nasjonale prøver? Kva er partiet sitt syn på offentliggjering, konkurranse, rangering og ressursbruk (minst 70 statlege mill.)?
7. Kommuneøkonomi. Korleis sikra eit likeverdig grunnopplæringstilbod i heile landet? Korleis stiller partiet seg til nasjonale minstestandardar for ressurstildeling, gruppestorleik og bemanning i barnehage og skule? Kva forpliktande strategi har partiet for å rusta opp skulebygg og anlegg?
8. Spesialundervisning. Utdanningsministeren uttalte nyleg at det er regjeringa sin valde politikk å byggja ned spesialundervisninga til fordel for tilpassa opplæring. Kva meiner partiet om dette?
9. Rekruttering av lærarar og førskulelærarar. Kva strategi har partiet for å betra rekrutteringa til dei ulike lærarutdanningane?
10. Universitet og Høgskule. Korleis meiner partiet at universitet og høgskolar skal styrast og finansierast? Kunnskapsløftet vil krevje endringar i utdanning og etter- og vidareutdanning for lærarar. Korleis vil ein gjera tilsette på universitet og høgskolar i stand til å møte desse krava?
Op brev med spørsmål til stortingspolitikarane frå Hordaland frå Utdanningsforbundet Hordaland