Sport– og kultursenter i 2010

— Dersom alt går slik du håpar, kan tid kan ein spela fotball i Etne […]

— Dersom alt går slik du håpar, kan tid kan ein spela fotball i Etne idrettshall?
— Åra går fort, men dersom kommunestyret godtek denne planen, og anbodsrundane går greitt, vil eg tru at ein idrettshall i Etne vil byrje å reise seg i 2010, seier Oddvar Åsheim.
I februar 2005 starta han i den 20 prosent store stillinga som prosjektleiar for Etne sport– og kultursenter. Sidan den gong har arbeidet hans i grove trekk gått ut på å få til ein kostnadsreduksjon på minst 15 prosent. Opphavleg kosta prosjektet 50 millionar. I snart eitt år har Åsheim kvessa sparekniven, og no er resultatet klart.

Mindre bibliotek
— No har me fått prosjektet ned i om lag 40 millionar. Innsparingsforslaget går ut på å redusere arealet i biblioteket med 15 prosent. Det vil òg bli ein arealreduksjon i treningsrommet, her kjem ein truleg til å byggje alle 130 kvadratmetrane, men ein kjem berre til å innreie 50 kvadratmeter, som er minstekrav for å få tippemidlar. Tusenårsstaden blir bygd som eit råbygg og får ein arealreduksjon på 80 kvadratmeter. Multimediesalen vil òg i første omgang bli bygd som råbygg. Planen er å innreie desse råbygga på eit seinare tidspunkt. Ein annan del av innsparingsforslaget er å spare inn ein million kroner på idrettshallen, dette vonar me å få til ved å bruka rimelegare materialar, seier Oddvar Åsheim.

Sambruk
Ei gladmelding oppi all sparinga, er at Etne vidaregåande skule ynskjer å etablere seg i det nye bygget. Dette gjer prosjektleiaren nye moglegheiter.
— I og med at Etne vidaregåande skule kjem til å trenge eit bibliotek, er det ikkje sikkert at me treng å kutte ned på bibliotekdelen. Det optimale vil vere å få til eit sambruk. På det viset kan me kanskje få til betre løysingar også i andre delar av bygget, seier han.

Folkemøte
I februar eller mars kjem nemnda til å kalle inn til eit folkemøte om prosjektet. Her kjem bygdefolket til å få grundig informasjon om både byggjeplanar og finansiering. Planen er å få til aksjeteikning.
— Me vonar både bedrifter og private vil støtta opp om prosjektet. Me kjem til å opprette ein konto, som ein kan setje inn pengar på. Dersom det ikkje blir noko av prosjektet, går pengane i retur til gjevarane, seier Åsheim.
— Med kommunen sin tronge økonomi, trur du at prosjektet kjem til å gå gjennom i kommunestyret?
— Eg veit at det er ein del som er i mot dette, men samstundes veit eg at dei klarer det om dei vil. Prosjektet vil bety svært mykje for Etne. Med tanke på alle dei nye tomtene, vil det bli enklare å få folk til å etablere seg i bygda, dersom me har eit tilbod innan kultur og idrett. For å bruke ordføraren sitt uttrykk, trur eg prosjektet blir «kjempebra» for Etne. Eg trur det er viktig for politikarane å hugse på at sjølv i økonomisk vanskelege situasjonar må ein tenkje framover. Dersom dei stemmer prosjektet ned nå, er eg redd at det vil bli lagt på is for godt, seier han.
— Er du optimist?
— Ja! Eg er veldig nøgd med at me som sit i nemnda er svært samkjørte og einige om at det er på denne måten prosjektet vil kome i hamn, seier Oddvar Åsheim.