Språk i skulen

Innføring av eit obligatorisk framandspråk nummer to var ein del av Kunnskapsløftet til Bondevik-regjeringa, og […]

Innføring av eit obligatorisk framandspråk nummer to var ein del av Kunnskapsløftet til Bondevik-regjeringa, og skulle tre i kraft i 2006. For å oppfylla krava frå den tidlegare regjeringa, sende staten lærarane på kurs for å oppdatera dei i språk. Men etter regjeringsskiftet, har kunnskapsminister Øystein Djupedal sagt at det andre framandspråket skal vera frivillig.

I Etne tar Rita Kollstrøm og Sten Valen ved Enge skule utdanning i spansk, med sikte på å undervisa i språket når dei er ferdige. Dei meiner begge at språkfag er viktige, men trur likevel det er fornuftig at framandspråk nummer to er frivillig i grunnskulen. Dei meiner to språk vil vera tøft nor nokre elevar, i ein skule som frå før er svært teoretisk. Leiar i Forum for oppvekst i Sunnhordland, Jan Enerstvedt, meiner på si side at signala frå Djupedal er eit tilbakesteg. Det er for defensivt meiner han og stikk i strid med andre EU-land som prioriterer framandspråk sterkt.

Øystein Djupedal seier på si side at regjeringa vil arbeida for at så mange elevar som mogleg i grunnskulen vil ta språk nummer to, men faget skal altså ikkje vera obligatorisk.
I denne saka er det lett å ha forståing for begge syn. Det å kunna beherska eitt eller fleire framandspråk, blir meir og meir viktig i ei tid med stadig større samkvem med andre land. Ikkje minst innan ulike næringar, men også på det private plan.

Men det er ikkje alle som har like lett for å læra språk. Med to framandspråk i tillegg til norsk, er det nok fleire elevar som vil slita. I første omgang trur me derfor det kan vera klokt å la faget vera frivillig. Men det må ikkje bli ei sovepute for skulane og kommunane. Dei må gjera sitt yttarste for at flest mogleg av elevane skal få læra eit framandspråk nummer to. Det må ikkje stå på pengar eller andre ressursar. Lærarane må skula seg som om faget er obligatorisk.