Sprenger ut for Ekofisk-skrap på Raunes

Arbeidet med å ta imot stål frå Ekofisktanken på industriområdet i Vats har vore i […]

Arbeidet med å ta imot stål frå Ekofisktanken på industriområdet i Vats har vore i gang i knapt eitt år. AF Decom har investert 35 millionar kroner på Raunes, og ytterlegare 15 millionar står for tur, mellom annan til ny djupvasskai.
Selskapet har investert i kontor, lager og verkstad, og ein vaskehall. Pluss at det er skote ut 100.000 kubikk fjell som er fylt ut i fjorden og planert ut i eit stort område for mottak, lagring og sortering av fraksjonane som blir skipa inn til Vats.
Langsiktig operasjon
— Det er spennande tider. Vi konkurrerer om kontraktar som vil gi eit langsiktig perspektiv for mottaksanlegget her i Vats. Men det er så store oppdrag dei nærmaste åra at det er plass til fleire i denne marknaden, seier anleggsleiar Sigbjørn Skjørholm.
Tidleg neste år skal Conoco Phillips slutte kontraktar for 11 plattformer som skal fjernast frå Ekofisk. AF Decom er med i konkurransen om dette arbeidet som skal vere ferdig i 2013.
Når rundt 400 installasjonar skal fjernast frå Nordsjøen dei neste 20-30 åra er det ikkje snakk om småpengar. Prislappen kan bli rundt 100 milliardar kroner.
Adresse Vats
Skjørholm fortel at dei har 27 på lønningslista i Vats i dag, og vil snart vere 33, og er på jakt etter ytterlegare tre-fire.
— Også vi merkar at det er ein stram arbeidsmarknad. Men vi har vore heldige og fått ein dyktig arbeidstokk frå Vindafjord og kommunane rundt, seier Skjørholm.
Anlegget vart opna av dåverande oljeminister Thorhild Widwey i august i fjor. Etter det har det gått slag i slag for anlegget på Raunes med utbygging.
AF Decom har 100 i arbeid ute på Ekofisktanken som demonterer stål og elektroniske komponentar. Det blir skore opp av gravemaskiner med sakser og lagt i konteinarar med adresse Vats. Totalt 25.000 tonn.
Jobben på feltet skal vere ferdig i 2007, medan sortering og klipping på Raunes blir ferdig i 2008. Kontrakten er verd 400 millionar kroner.
Finklipping
Ved kaien ligg supplyskipet «North Challenger» som AF Decom har leigd inn til å frakte konteinarar frå Ekofisk og inn til Vats. Det leverer 35 konteinarar i veka, og har 300-400 tonn i kvar last.
— Vi må reinse ein del røyr som har vore olje eller gass i. Smelteindustrien vil ikkje ta imot fraksjonar som er over 1,5 meter. Det blir difor ein god del finklipping, fortel Skjørholm.
I sommar kjem det litt større kolossar på lekter når brua og flammetårnet frå Edda-plattformen blir demontert. Det er lette konstruksjonar på 1.000 tonn som skal vere ferdig klipt opp i løpet av eit par veker.
Mest offshore
80 prosent av jobben blir gjort offshore før metallet blir frakta inn til land. Jobben på Raunes består mellom anna i å sortere metallet. Ei gravemaskin slit i ein skrapbunke på jakt etter titanrøyr i ein litt høgare prisklasse.
Raunes var eit veleigna område å byggje plattformer til Statfjord, Gullfaks og Troll, og det er dei same kvalitetane som gjorde at AF Decom kasta blikket på Vats.
— For det første er det eit industriområde. Den djupe fjorden er ikkje minst viktig når ein skal slepe konstruksjonar inn her. Det låg også til rette for djupvasskai, forklarer Sigbjørn Skjørholm.