4. divisjon avd. 2
Ølen stadion
GrannKam Vindafjord – Hundvåg IL 2-3 (1-2)
0-1 (2.min)
1-1 (6. min) Morten Østenstad
1-2 (45. min)
1-3 (90. min)
2-3 (94. min) Espen Vaka
Tre gule kort til Hundvåg IL.
Dommar: Nils A. Vestvik, Nord, SK
Om lag 50 tilskodarar
Resultata har ikkje stått til forventningane for GrannKam Vindafjord til nå i sesongen. Vårsesongen er nå ferdigspelt, og 4-divisjonslaget ligg nå på nedre halvdel av tabellen, ein åttande plass. Av dei seks spelte heimekampane har dei berre tatt med seg tre poeng ein einaste gong. Men det skal seiast at marginane har vore langt i frå på deira side i dei tette oppgjera.
— Me har spelet og sjansane, men måla kjem ikkje, seier leiar i klubben, Leif Kro. Det er ikkje mykje som skal til for å avgjere desse tette oppgjera, og kampen ligg og vippar heile tida.
— Det kjennest veldig ufortent. Me klarer ikkje å avgjera sjølve om det er me som styrer kampen og har sjansane, seier spelar, Vidar Lillehammer bittert.
— Det tok berre to minutt før Jan Erik Østbø, som hadde sin fyrste kamp på fleire år for GrannKam Vindafjord, drog ned ein Hundvåg,spelar i eige felt som førte til straffespark og mål for bortelaget. Heimelaget fekk då ein like sur opning som mot Staal Jørpeland 2 i førre kamp, då dei fekk tre mål mot seg på dei ti fyrste minutta. Men Morten Østenstad utlikna fire minutt etter, og då vart det nytt håp i varmen på Ølen stadion. Men det hjelpte ikkje og dei fekk to nye mål mot seg. Det var veldig varmt på Ølen stadion laurdag, og spelarane sleit mot slutten med å halde løpet ut. Dommar Nils A. Vestvik fekk også merke varmen og blåste av ein pause i kampen med nokre minutts drikkepause ti minutt før slutt. Fem minutt på overtid fekk heimelaget eit trøstemål då toppscoraren Espen Vaka sette inn ein straffe sikkert til sides for Hundvåg-keeperen.
Håpar det snur
GrannKam Vindafjord har som tradisjon å liggje på topp i vårsesongen, for så å enda heilt i botn av tabellen mot sesongslutt. Spelarane Morten Østenstad og Vidar Lillehammer meiner begge at laget er meir enn godt nok for øvre halvdel, og håpar det vil losna når haustsesongen byrjar. Leif Kro er også klar i sin målsetning, og ynskjer ein plassering på øvre halvdel.
— Nå er det ikkje mykje som skal til for å bli betre til hausten. Håpar tradisjonen snur seg og me får motsett effekt og endar i toppen når sesongen er ferdig, seier han. GrannKam Vindafjord ligg nå heilt likt med Etne IL i fjerdedivisjon, berre tre mål skil laga frå kvarandre. Etne har i motsetnad til rivalen kun eitt tap på heimebane, som kom i den siste kampen på fredag. Eitt mål er i alle fall felles for GrannKam Vindafjord-spelarane, dei skal kome over Etne på tabellen!