Står nærmare Haugalandet

For Amund Enge er det ikkje snakk om kva som er det beste alternativet, men […]

For Amund Enge er det ikkje snakk om kva som er det beste alternativet, men heller kva som er minst uspiseleg. I skissene som er lagt fram for Hordaland, meiner Etne-ordføraren det er uaktuelt å gå saman i ein storkommune i Sunnhordland.
Nei til Sunnhordland
Han har difor størst sans for alternativa der Etne, saman med Sveio, blir ein del av Haugalandet. Men ein storkommune på Haugalandet smakar heller ikkje. Han meiner Etne klarer seg best aleine.
— Kva ville det bli igjen av Etne dersom vi skulle gå saman i ein storkommune i Sunnhordland med 60.000 innbyggjarar, der Stord er kommunesenteret. Dette er heller ikkje dei fleste andre kommunane interesserte i. Ein slik kommune vil bli umogleg å handtere, og dei små kommunane i utkanten vil bli taparane. Vi vil stille bak i køen på dei fleste område, også når det gjeld arbeidsplassar, seier Enge.
Hans inntrykk er at dette er ein stormannsgalskap dei fleste kommunane ikkje er interesserte i å bruke tid på.
Del av Haugalandet
Sjølv om etnebuen i dag føler seg som haugalendingar, meiner han at motførestillingane mot ein storkommune i denne regionen er like sterk.
— Eg veit kva som rører seg både i Hordaland og Rogaland. Det er like liten oppslutning om slike storkommunar i begge fylka, og ingen går i bresjen for det. Slike storkommunar er meir tilpassa geografien på Austlandet, men er lite tenlege her vest med fjordar og fjell og lange avstandar, seier Enge.
Sjølv om kommunalminister Erna Solberg hausar opp at til større dess betre, har han lita tru på at fleirtalet på Stortinget vil tvinge kommunar inn i kjempekommunar. Han åtvarar også mot at det blir staten, og ikkje kommunane som vil tene på samanslåingar.
Vindafjord for lite
I mindre målestokk har Enge blinka ut Odda og Sauda som ekteskapspartnarar. Men også det meiner han kan bli vanskeleg å gjennomføre. Odda er ein meir aktuell partnar saman med andre kommunar i Hardanger.
Det er ikkje noko nytt at Etne-ordføraren heller ikkje vil vende seg til det som blir Vindafjord kommune frå 2006.
— Det er lite å vinne på samanslåing av så små kommunar. Då kan vi heller utvikle det interkommunale samarbeidet vi har på fleire område i dag.
— Er du redd for at Etne ikkje skal bli sentrum ved å søkje saman med andre?
— Eg er ikkje interessert i ein stor og uhandterleg kommune. Men eg er ikkje redd for at Etne skal bli ei bakevje, så smålåtne er vi ikkje. Vi har ein sterk kultur for å få ting til både i Etne og Skånevik. Vi vil uansett klare oss, seier han.
Best aleine
I realiteten ønskjer Etne-ordføraren kommunesamanslåing dit peparen gror. Han ser ingen reelle alternativ der Etne kjem betre ut enn å vere aleine.
— Ein kan stille spørsmålet kva det er å vinne med å lage ein stor geografi med mange kommunar for deretter å måtte dele opp igjen etter ein bydelsmodell slik ein har det i byane. Gevinstane kan bli ganske små dersom det ikkje er ei stor sentralisering ein legg opp til, meiner Enge.
Skissene til nye kommunekart i Hordland skal opp som tema blant kommunepolitikarane i Etne i desember.