Staten må vøla kyrkjene

Eg er klar over at det er kommunane som skal syta for å vøla kyrkjene. […]

Eg er klar over at det er kommunane som skal syta for å vøla kyrkjene. No er stoda den at Staten har pressa kommunane økonomisk. Kommunane har ikkje lenger råd til å bruka pengar verken på det eine eller det andre området som dei har ansvaret for.
Slik stoda no er må Staten taka på seg ansvaret og gje løyvingar til vøling av kyrkjene. At mange kyrkjer i dag er i so dårleg stand at dei kan detta samen, kjem av at både Staten og kommunane i fleire tiår har brydd seg lite om kyrkjene – og då vert det mykje å taka att.
Både prestar og kyrkjepolitikarar meiner at Guds hus kan verta både skjenkestover og moskear. Utan det kulturelle rotfeste ein som god norsk kristen må ha, kan ein nok verta freista til å avvigsla kyrkjer og lata dei verta hus for muslimar og kramkarar. Eg vil åtvara mot ei slik utvikling. Ein skal ikkje gå lengre attende enn eit par hundre år for å finna det som i dag vert oppfatta som kulturvandalisme, men som på den tid vart sett på som ei naturleg utvikling, nemleg å selja stavkyrkjer til Tyskland og riva andre stavkyrkjer. På det viset mista Noreg store kulturverdiar, og me er vel alle litt flaue over dette i dag.
Norsk kultur har mykje av sine røter i og gjennom dei gamle kyrkjene. Nyare kyrkjer vitnar om ei ein meir moderne kultur, tufta på dei gamle røtene. Difor må ansvaret for vølinga overlatast Staten.

Stortingsrepresentant
Steinar Bastesen,
Kystpartiet.