Stein frå Rullestad til Viskjer

Noko av overskotsmassen frå Rullestadanlegget gjer i desse dagar synleg nytte for seg. Arbeidet med […]

Noko av overskotsmassen frå Rullestadanlegget gjer i desse dagar synleg nytte for seg. Arbeidet med ny kai på Viskjer er i full gang, og litt av den mykje omtalte massen blir brukt til noko nyttig og samfunnsgagnleg til den sårt etterlengta kaien. Ei kai som ikkje minst vil gjere det lettare for folket på Eikemo.
Det første som må vere på plass før arbeidet med sjølve kaien startar, er ny veg frå den gamle parkeringsplassen ved E134, og ned til sjøen.
Overskotsmasse frå Rullestadanlegget blir køyrd til området, og maskinar frå firmaet Entreprenør Ernst S. Grindheim jamnar massen ut på ein ny og brei veg då Grannar var på staden.
Arbeidet med sjølve kaien vil starte når vegen er ferdig.
Ernst S. Grindheim karakteriserer ikkje oppdraget som stort, og reknar med å vere ferdig i februar neste år.