Stemningsfull Sivertsen-hyllest

Ein idé som dukka opp første gong for seks år sidan, kom til live på […]

Ein idé som dukka opp første gong for seks år sidan, kom til live på scena i Sandeid laurdag. Etter Alf Prøysen-kabareten i 2003, byrja planlegginga av å laga ny framsyning, denne gongen basert på tekstane til Haldvan Sivertsen. Eit samfunnshus fylt til randa, fekk oppleva høgdepunkta frå ein av dei mest folkekjære norske artistane si karriere. Frå dei mjuke strofene i «Sommerfugl i Vinterland» til sprelskare tonar frå «Ti tusen tommeltottar» fekk Sivertsen sitt diktarskap ei på alle måtar verdig hylling frå Sandeid.
— Me er svært nøgde med eit flott ensemble, med folk frå heile Vindafjord og nokre etnebuar, og eg har aldri vore så nøgd med ein premiere nokon gong. Dette tok jo heilt av, seier ein kry regissør Jostein Apeland etter kabaretfesten.

Historisk?
Nok ein gong viste scenekulturen i Sandeid kva han var god for. Både programmet, songen og framføringane elles var av ypparste klasse. Kabaretfolket i Sandeid gav publikum ei uforgløymeleg rundreise i Sivertsen si dikting, med alt frå stemningsfulle viser, vakre tonar som hylla musikk, natur og kjærleiken, til ei sprek avslutning med freske og livglade songar som «Førr ei dame» og «Ti tusen tommeltottar». Og truleg var dei pionerar på området.
— Me har undersøkt litt og har jo kjennskap til mange revymiljø, men trur ikkje nokon har laga kabaret basert på Halvdan Sivertsen sine tekstar før, seier Apeland.

Turnéstart
Til saman tolv songarar sto på scena under framsyninga. Både aldersspennet og sceneerfaringa varierte, noko som i grunnen viste seg å vera ei suksessoppskrift.
— Det har vore veldig kjekt å vera med på. Her er folk frå 15 til 75 år ed på scena, og me har fått vore med på å utforma kabareten undervegs, fortel Monica Stangeland, ein av dei ferskare scenekunstnarane i Sandeid.
Gunn Raker Tjelle Jarmer har eit solid antal revytimar bak seg, men meiner likevel dette prosjektet skil seg noko ut.
— Det har vore svært spanande å arbeida med kabareten medan han var i støypeskåla. Det er mange som har eit nært forhold til Sivertsen sin musikk, og i ein så pulserande sjanger som kabaret, er det mykje å halda styr på, meiner Jarmer, som trur kabaretsjangeren har gitt meirsmak både hjå på scena og i publikumsstolane i distriktet. Og Sandeid-versjonen av Sivertsen-universet stansar ikkje på samfunnshuset. Neste helg står scenar på Bømlo og Tysvær for tur, før Amatørteaterfestivalen i Oslo og Det Norske Teater skal få oppleva «tommeltottane» i mai.

Sjå fleire bilete frå Halvdan Sivertsen kabareten i Grannar sitt fotoalbum her