— Det er ein katastrofe. Det burde politikarane hatt klart før dei gjekk i gang med det, seier Oskar Kringlebotten (84), som er tidlegare kommunepolitikar i Etne.
Han flytta inn på den nye avdelinga tidleg i haust, men førre veke måtte han tilbake til det gamle rommet sitt.
I sommar stod ei avdeling med seks nye rom ved Etne omsorgssenter klar. Då blei pasientar flytta frå den gamle avdelinga til den nye fordi denne er meir funksjonell. Det totale talet på pasientar auka derimot ikkje fordi omsorgssenteret ikkje fekk meir ressursar. Dermed må tilsette på den gamle avdelinga også ha kontroll på den nye avdelinga.
Etter eit halvt år er konklusjonen til dei tilsette at belastninga blir for stor.
Nå blir pasientane flytta tilbake igjen, og dei seks nye romma blir ståande tomme.
Romsleg bad
— Pasientane treng oppfølging og hjelp og når dei tilsette må gå frå den eine til den andre avdelinga er det langt. Romma er funksjonelle, men belastninga for personalet og for så vidt også pasientane er for stor. Pasientane får ikkje den nærleiken til hjelpa dei skal ha, seier Sølvi Eide Lunde, senterleiar ved Etne omsorgssenter.
Den nye seks manns avdelinga blei bygd med støtte frå «Handlingsplan for eldreomsorg». Staten betalte ca. fem millionar kroner, medan Etne kommune stod for ca. fire millionar.
Skuffa brukarar
Den nye avdelinga er tilrettelagd for menneske med fysiske funksjonshemmingar.
Oskar Kringlebotten ser fordelar og ulemper med begge romma. Frå det gamle rommet er det kortare avstand til fellesromma, men som rullestolbrukar, sette han stor pris på badet på den nye avdelinga.
— Rommet eg har nå er ikkje så romsleg sjølv om det er brukande. På den nye avdelinga var badet romsleg og det er toppen, men det var langt å gå og det var særleg plagsamt for dei tilsette. Det stal mykje av tida deira, seier Kringlebotten.
Senterleiar Eide Lunde opplever situasjonen som trasig.
— Eg synest det er synd, me treng å bruka den avdelinga. Men det er urealistisk å opna seks nye plasser utan auke i bemanninga. Når belastninga på dei tilsette blir så stor må ein ta omsyn til det, seier Eide Lunde.
Ho ser ikkje bort frå at enkelte rom kan brukast i periodar til pasientar som ikkje treng så mykje hjelp. Senterleiaren håper at ei løysing kjem opp i løpet av våren.
Oskar Kringlebotten ønskjer at politikarane løyver meir midlar.
— Dei tilsette gjer sitt beste, men dei har det travelt og det er lite folk her. Eg håper dei får meir pengar slik at me får større betjening, seier Kringlebotten.