Stengte Rullestadtunnelen

Bilen hadde tilhengar med ein vrakbil på, og var på veg i retning Etne då […]

Bilen hadde tilhengar med ein vrakbil på, og var på veg i retning Etne då uhellet skjedde. Det oppstod farlege situasjonar i tunnelen fordi bilen delvis stengte vegen.
Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at tunnelen vart stengt automatisk i ein periode på grunn av farlege situasjonen i trafikken. Politiet rykte ut frå Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt og fekk avklara situasjonen. Bilføraren er frå Odda og det var tre personar i bilen då ulukka skjedde.