Sterke minne blussa opp

Johannes Rullestad var ein av dei som arbeidde under agenten Sverre K. Andersen, alias Arquebus. […]

Johannes Rullestad var ein av dei som arbeidde under agenten Sverre K. Andersen, alias Arquebus. Johannes hadde mangfaldige farefulle ferder i fjella for å overbringe viktige meldingar, som han fekk via radioen som var gøymd på låven på Rullestad-garden. Johannes Rullestad var i midten av 20-åra under krigen, og hadde ei sentral rolle i motstandsarbeidet i distriktet. Broren, Ole Rullestad, mista livet 26. april 1940 i Flå i Hallingdal i kamp mot tyskarane.
Søndag 8. mai var det 60 år sidan freden kom, og i dette høvet tok eg besten min, Johannes Rullestad, med meg på ein mimretur. Han hadde vore på Arquebus-museet ein gong tidlegare. Men sidan den gong var det gjort store endringar. Noko av det han var mest spent på, var om han ville finne brurekjolen til systera Alis Rullestad. Med litt hjelp av guide Berge Søvik, fann me kjolen. Den hang i glasmonter saman med deltakarmedaljen hennar. Alis Rullestad fekk sydd kjolen like etter krigen av stoff frå ein fallskjerm som dei fann under krigen.

Sterke inntrykk
På veg gjennom utstillinga, var det mange sterke scener og bilete å sjå. Bileta av avretta jødar er nok det som sit sterkast igjen.
— Det skulle nesten ikkje vore nødvendig å hengje opp slik styggeskap, seier Johannes og grøssar.
Vidare fekk me sjå fangedrakter frå Grini. Johannes kjente ingen som hamna i den frykta fangeleiren, men visste om fleire personar i Odda som sat der under krigen. Dersom motstandsarbeidet til Johannes hadde blitt oppdaga, er det nok ikkje usannsynleg at også han hadde lidd same skjebne.
— Å fy, for ein skabelon, utbraut Johannes i det me oppdaga ei utstilling om Vidkun Quisling. Guide, Berge Søvik, var hjartans einig.
— Uff ja, han hadde mange liv på samvitet, seier han.

Informativ utstilling
På turen gjennom museet fekk me sjå alt frå våpen til oppskrifter på mat som vart nytta under krigen. Utstillinga ved Arquebus Krigshistorisk Museum har stor breidde og gjer god informasjon til besøkjande.
— Det er nesten for mykje av det gode, ein får liksom ikkje fordøye alt, seier Johannes Rullestad.
Bilete av pur unge gutar med gevær, var ein gjengangar i utstillinga.
— Uff desse stakkar gutane, dei fleste blei berre kanonmat, seier han.

På oppdrag 8. mai
På spørsmål om korleis han klarte å lura seg forbi tyskarane med dei hemmelege beskjedane, seier han at då var det berre å smila fint og gå forbi. Det gjekk som regel godt sidan han var mykje ute og gjekk elles og.
Den 8. mai 1945 hugsar Johannes Rullestad naturleg nok svært godt. Han var då på veg over fjellet til Sauda med ein viktig beskjed.
— Då eg kom ned til bygda vaia det norske flagget i vinden. Då skjøna eg det, seier han og smiler.