Stilfull hytte på Blomstølen

Kring 200 menneske samla seg til staseleg opningsseremoni av den nye hytta på Blomstølen førre […]

Kring 200 menneske samla seg til staseleg opningsseremoni av den nye hytta på Blomstølen førre sundag. Der vanka det lapskaus og lovord, både om hytta og til alle dei som har jobba friviljug. Eitt av dei mest aktive medlemmene, samt hyttevakt gjennom fleire år, 75-årige Ingeborg Haug, tok seg av den offisielle avdukinga av hytteskiltet.
Styreleiar i Haugesund Turistforening, Anne Kindlihagen, legg ikkje skjul på at ho er både stolt over og svært glad for den nye hytta. Ho byr på ei litt annleis fjelloppleving.
Sibirsk lerk
— Hytta har ein litt annan stil enn dei tradisjonelle turistforeiningshyttene, forklarer Kindlihagen.
Ho nemner materiale som sibirsk lerk og eikepanel. Dessutan er veggene tapetserte og hytta har store vindauge. Noko av interiøret er i skinn, og kjøkkenet er måla blått. Ei meir moderne hytte, med andre ord, enn dei me vanlegvis treff på når me vandrar i fjellheimen. Ein arkitekt var med i utforminga, og snikkarar var på plass førre sommar for å bygge reisverket. Resten er gjort på dugnad.
Så mykje som 50 dugnadsfolk har vore i sving på Blomstølen det siste året. Kvar helg, med unntak av vintersesongen, har folk jobba for hytta som har hatt eit budsjett på omtrent to millionar kroner.
Nest størst
Framover vil hytta stå open for folk i sommarhalvåret, medan ho vil vere stengt om vinteren. Det er plass til mellom fire og seks personar på kvart rom, og totalt er det 35 sengeplassar på den nye hytta. Den gamle hytta og uthuset står framleis på tunet. Mange frykta at den nye hytta ville bli for dominerande, men det har ho ikkje blitt, i følgje styreleiaren. Ho er nemleg bygd fint inn i terrenget. Plassen, som også er utstyrt med fiskevatn, båt og redningsvestar, eigner seg godt for småbarnsfamiliar. Målet er også å trekkje skuleklassar og ungdom til den nye Blomstølhytta, som har blitt den nest største hytta til turistforeininga. Olalihytta er framleis større, med plass til 50 overnattande.
Funksjonell
Turistforeininga håpar å nå nye målgrupper og freiste fleire folk til fjells. Den nye hytta på Blomstølen høyrest luksuriøs ut. Likevel, ho er for dei heilt ordinære fjellvandrarane, som utmatta søkjer ly etter ein lang vandringsdag.
— Me har tilpassa hytta ut frå erfaringar me har med andre hytter, og me har tenkt veldig funksjonelt, forsikrar Kindlihagen.
Blomstølhytta er, i tråd med dei andre turistforeiningshyttene, først og fremst for medlemmer. I tråd med alle hyttene i Etnefjella er ho også sjølvbetent. Det vil seie at ho er utstyrt med råvarer til matlaging, og at ho er under oppsyn av hyttevaktar.
Dobbel kapasitet
Den gamle hytta og uthuset på Blomstølen heldt ikkje lenger mål. Difor avgjorde turistforeininga i Haugesund å rett og slett byggje ei ny hytte. Den gamle hytta står framleis open og sørgjer for at det for tida totalt er plass til 70 sovande gjester på Blomstølen, som ofte blir brukt som inngang til lengre turar i Etnefjella. Eit par timars vandring i stigande terreng frå Øyno, tar deg til Blomstølen. På spørsmål om Kindlihagen kan gje tips til ei fjellhelg for å oppleve den nye hytta, svarar ho at ho ville ha starta med stigningsetappen frå Øyno fredagen. Så ville ho brukt laurdagen på ein dagstur, eller på aktivitetar i området rundt Blomstølen. Sundag ville ho tatt heimturen via Kyrping, som ligg cirka fem timars tur frå Blomstølen.
– Ein veldig fin tur, slår ho fast.