Stopp for private barnehagar

Den raudgrøne regjeringa strør pengar over kommune-Noreg for å sikre full barnehagedekning. Det er bakgrunnen […]

Den raudgrøne regjeringa strør pengar over kommune-Noreg for å sikre full barnehagedekning. Det er bakgrunnen for at Vindafjord kommune skal i gang med å utvide eller byggje nye barnehagar i tre bygder.
I Ølensvåg blir det mest sannsynleg ein heilt ny barnehage med tre avdelingar på ny tomt. I Vikedal blir det anten påbygg til tre avdelingar, eller ein heilt ny barnehage på grunn av mangel på plass ved Vikedal skule.
Skjold barnehage blir utvida frå tre til fire avdelingar for å dekkje dagens behov.
Tar eit krafttak
Alle tre bygdene har mangel på barnehageplassar, og Ølensjøen barnehage har også ventelister på grunn av mangel på plassar i nabobygda Vågen.
Kommunestyret i Vindafjord er samstemte om at det er behov for eit betre tilbod. Debatten handla mest av alt om private eller kommunen skal stå for utbygging og drift. Rådmann Helge Thorheim foreslo det han kalla ei mellomløysing med privatisering av barnehagen i Ølensvåg, men ikkje gi slepp på barnehagane i Vikedal og Skjold.
Men fleirtalskoalisjonen i kommunestyret med Sp, Ap og bygdelistene i Bjoa og Vikebygd, vil ikkje at kommunen skal gi frå seg kontrollen over barnehagetilbodet.
Redd for utgifter
Men koalisjonen sprakk denne gongen ved at KrF gjekk inn for privatisering i Ølensvåg. Tverrpolitisk liste for Skjold/Vats gjekk i spann med Høgre og Frp og stemte for privatisering i både Skjold, Vikedal og Ølensvåg.
Debatten handla for det meste om pengar der forkjemparane for privatisering er sikre på at det kostar kommunen meir å drive barnehagar enn å over-late dette til private. Private Ølensjøen barnehage er den største barnehagen i Vindafjord, og mindretalet viste til gode erfaringar med Trygge Barnehagar.
— Ein må ha folk for å byggje og prosjektere nye barnehagar, og det vil leggje press på administrasjonen. Vedlikehald av bygningar vil koste sjølv om vi får pengar til drift, sa Øyvind Haraldseid frå Tverrpolitisk liste.
Tone Hatteland (H) var heller ikkje i tvil om at barnehagar vil koste for kommunen i framtida, og at private kan gjere ein like god jobb.
Frykta Svarte-Per
Bjørn Helgesen (AP) viste til at kommunen uansett har kostnader gjennom tilsyn og opptak. Han meinte også at kommunen vil utkonkurrere seg sjølv ved å overlate dei store barnehagane til private.
— Private er lønsdrivande og vil ta fagfolka. Det er dyrare å drive dei små barnehagane, og den kommunale kostnaden dannar grunnlaget for tilskotet for dei private. Dermed blir det god butikk å drive dei store, medan kommunen sit igjen med dei små og dyrare barnehagane, sa Helgesen.
Bjørn Johannessen (Bjoa bygdeliste) var også bekymra for konsekvensane dersom kommunen skal sitje igjen med dei minste barnehagane.
Åsmund Kalstveit (Sp) karakteriserte det som om kommunen ved privatisering grov si eiga grav.
— Når private klarer å drive med økonomisk gevinst, så må kommunen klare å kome i balanse. Det er staten som betalar lønnene gjennom tilskot. Difor er offentleg drift det beste.