Så fekk me likevel ikkje behalda kjøkkenet som før. Me vart lurt av kommunestyret. Bryr det dykk ikkje om kva me eldre meiner? Merkeleg at all denne sparinga skal gå utover oss eldre.
Forresten sparing. Det spørs om det vert noko sparing, kanskje det heller vertomvendt. Nei, bruk hovudet og tenk. Kvifor bruka dyre konsulentar til det? Rådfør dykk heller med styret på sjukeheimen.
Og så alle desse dyre investeringane. Ein kan lura. Er me komen i bakvendtland? Nei, kjøkkenet er bra som det er. Som nå får bebuarane både billeg, næringsrik og god mat. Og treng dei noko utanom det vanlege, får dei det – for eksempel ved dårleg matlyst, magebesvær og forskjellig.
Og tenk på alt dei sparer ved å bruka alle restar. Det vert og bakt mykje, gode kaker og ferske pannekaker, vaflar m.m. Kva med graut og laurdagskosen med gode smårettar og anna godt? Kjøkkenpersonalet skal jo ha fri.
Maten skal varmast opp i helga. Kva vits er det i det? Det vert jo dobbelt arbeid. Fyrst kokast, så kjølast og så varmast oppatt. Latterleg! Så skal jo kjøkkenpersonalet ha fri i helga. Kven skal då ha alt arbeidet med tillaging og servering, og i tillegg pakking av graut på laurdagen og middagsmat om søndagen til dei eldre på bygda? Det vert vel betjeninga som pleier og steller for dei eldre på heimen. Dei har jo det for travelt frå før. Galskap!
Så til sist skal altså dette gå utover pasientane. Nei, dette må stoppast! Me ber hermed på det sterkaste: Lat oss behalda kjøkkenet som før!
Anna Kambe