Kommunane som gjer om sjukeheimar til omsorgbustader kan gjere seg skuld i lovbrot, og innbyggarane får ei dyrare og dårlegare helseteneste.
I fjor fekk Fylkesmannen i fleire fylke spørsmål om eksisterande sjukeheimar kan omgjerast til omsorgsbustader. Dei som har stilt spørsmåla fryktar at eldre og sjuke med funksjonssvikt og alvorleg demens skal få dårlegare pleie og omsorg i omsorgsbustader enn på sjukeheimar. I tillegg kan dei bli pålagt stadig auka husleiger av kommunestyret. I eit brev som Fylkesmannen i Hordaland har sendt ut til alle kommunane i fylket vert det mellom anna vist til at ein sjukeheim er ein lovregulert bustad i motsetnad til ein omsorgsbustad. Sosial- og helsedepartementet har endåtil i eit brev til Fylkesmannen i Nordland slått fast at dersom ei endring av tilbod frå sjukeheim heimla i kommunehelsetenestelova, til omsorgsbustad med alminneleg husleigeordning der brukaren òg må betale mange andre utgifter sjølv, skjer mot brukaren sin vilje, må det likestillast med ei utskriving frå sjukeheim i sjukeheimforskrifta si forstand.
Ei omlegging til omsorgsbustad vil medføra ei rekkje juridiske, økonomiske og praktiske endringar av eit slikt omfang at endringa må likestillast med ei utskriving. Derfor skal det sterke grunnar til for å skrive ut ein person frå ein sjukeheim mot vedkommande sin vilje. Spørsmålet er om kommunane gjev brukarane og dei pårørande den informasjon dei har krav på.
Dersom utviklinga med å gjera sjukeheimar om til omsorgsbustader får fortsetja, vil sjuke og eldre i kommunane få eit mykje dårlegare tilbod. Kommunane gjer dette for å få overført store helsekostnader frå kommunebudsjettet til staten og brukarane. Resultatet er at dei står for ei prioritering som går ut på å svekkja livskvaliteten til eldre og sjuke menneske. Når Fylkesmannen i mange fylker og Sosial- og helsedepartementet no reagerer på denne utviklinga, er det sjølvsagt fordi den svekker velferdsstaten.
Brukarane av omsorgsbustader kan få mykje større personlege utgifter enn brukarane av sjukeheimar. For opphald i sjukeheim skal pasienten betala vederlag som ikkje skal overstiga dei reelle opphaldsutgiftene. Vederlaget omfattar opphald, stell, pleie, medisin, forbruksvarer til stell, mat og lege- og fysioterapitenester.
I forskrift om vederlag for opphald på institusjon er det nærare fastsett kor mykje den enkelte skal betala. Av inntekter opp til folketrygdas grunnbeløp, minus ein fri sum på kr. 6000 pr. år, kan det krevjast betalt 75 prosent årleg. For høge pensjonar kan det krevjast opp til 85 prosent av pensjonen. Pasienten har krav på 25 prosent pluss den frie summen til fri disposisjon, minimum kr. 1.795 pr. månad.
Ved å omgjere sjukeheimen til omsorgbustad, vert kvar brukar leigetakar som betalar husleige, som oftast til kommunen. I enkelte høve kan han få bustønad. Det vert lagt opp til at dei som ikkje kan laga mat sjølv, kan kjøpa mat. Dei må og sjølve betala utgiftene til heimetenester og heimehjelp, sengety, handkle, tryggleiksalarm, telefon, TV, og dei må dekkja utgifter til lege, medisin, fysioterapi og reise i samband undersøking og behandling til dei får frikort. Kommunar som har omorganisert sjukeheimar til omsorgsbustader hevdar at brukarane kjem like godt ut av det økonomisk. I fjor fekk Fylkesmannen klagesaker som viser at det ikkje er tilfelle.
Hildur Larsen, hovudstyremedlem i Kystpartiet