Stor aktivitet på idrettsdag

Ideen om å arrangere idrettsdag i Skjold kom i fjor i samband med opninga av […]

Ideen om å arrangere idrettsdag i Skjold kom i fjor i samband med opninga av den nye fotballbingen. Tanken bak eit slikt arrangement var å ha ein dag med mange idrettsaktivitetar både for store og små, samt å få nytte anlegga som ligg omkring stadionområde.
Cup mellom krinsane
I motsetnad til fjorårets arrangement fekk ein dette året eit strålande vær.
Dagen starta for dei yngste med forskjellige øvingar i fotball, der dei etter gjennomførte øvingar fekk tildelt merke. Då formann i idrettslaget Ole Andreas Haraldseid hadde helsa bygdafolket velkommen, vart det stor aktivitet.
I fotballbingen var det sett opp cup mellom dei forskjellige krinsane i Skjold. Laga var samansatt av to kvinner, to menn og fire born frå kvar krins. Engasjementet på bana var stor både blant dei store og små, og det gjekk til tider svært hardt for seg for å forsvare æra til sin krins.
Her var det mange gamle stjerner som blei som nye. Etter dei innleiande rundane vart det til slutt Skjoldalifeltet og Isvik Hageby 1 som skulle møtast i ein spennande finale. Resultatet etter full tid her vart 2-2, og kampen måtte avgjerast med straffespark, som Isvik hageby 1 til slutt vann 3-2.
Det var berre to lag som var påmelde til sandvolleyballcupen, med krinsane Nygård og Isvik hageby 3. Her var det Nygård som vann med 2-0 i sett.
For dei over 16 år var det mogleg å ta friidrettsmerke, med 60 meter, kulestøt, lengde og høgde på programmet. Også dei minste kunne prøve seg på desse øvingane, og fekk utdelt diplom som bevis på kor flinke dei hadde vore.
Auksjon
Det vart også arrangert natursti, med postar som kast på boks, spørsmål med meir. Her var det familien Hustoft Nesheim som til slutt hadde det beste resultatet. Fleire firma hadde sponsa på materiale til ei leikehytte, som ivrige dugnadssjeler i idrettslaget har bygd. Denne hytta vart auksjonert bort, og etter ein forsiktig start med bod på 8000 kroner, kom det endelege bodet opp i kr 16.500. I tillegg til alle aktivitetane hadde Jarle Mikkelsen og Kjell Reidar Gravelsæter frå Etne Røde Kors informasjon/demonstrasjon om livredning.
Økonomigruppa i idrettslaget var ansvarleg for grillig og sal av mat, og mange nytta høve til å få seg noko godt å bita i og slå av ein drøs med sambygdingar i fineværet. Etter aktivitetsdagen på stadionområdet, vart idrettsdagen avslutta med dans på bygdehuset. John G. Markhus og Anne Grethe Rullestad stod for musikken der.