Det var ein opptur for Chris som ikkje har fått så god uttelling tidligare i vinter.
21-åringen fekk opp dampen på tampen av fjoråret. Det fungerte bra for den tidlegare juniorverdsmeisteren både i Skallsturennet femte juledag og Strindheim-stafetten på nyttårsaftan. Der var han i aksjon for eit mix-lag. Chris blei nummer 24 i fredagens klassiske renn. I går var det favorittstilarten som stod på ptogrammet. Berre fem av konkurrentane klarte å straffe sluttida på fellesstarten. 54 sekund skilte han og Tore Ruud Hofstad, som har gått mange gode verdscuprenn. Landslagsløparen gjekk inn til favorittsiger i Granåsen.
Chris har trent mykje den siste tida. Det med tanke på å vere best mogleg førebudd til NM i Lillehammer mot slutten av månaden. Stortalentet håpar å gjere ein god figur der. I så fall kan det bli verdscupdeltaking på tampen av sesongen. Sportssjef Bjørnar Håkensmoen ønskjer å la dei beste unggutane konkurrere internasjonalt etter VM. Håkensmoen meiner skiforbundet ikkje har vore flink nok til å la morgondagens menn få internasjonal matching. Chris er glad for at nålauga i alle fall ikkje blir trongare. Han håpar etter kvart å komme med. Jespersen var 34 sekund bak Remi Andersen som blei nummer tre.
Stor framgang for Chris
Det var ein opptur for Chris som ikkje har fått så god uttelling tidligare i […]