Stor interesse for ny vegtrasé i Skjold

Måndag kveld inviterte Skjold bygdalag til informasjonskveld der blant anna forslaget til ny vegtrasé for […]

Måndag kveld inviterte Skjold bygdalag til informasjonskveld der blant anna forslaget til ny vegtrasé for E134 gjennom Skjold stod på programmet. Nærare hundre personar møtte fram for å høyre meir om dei nye planane.
For dagens E134 gjennom Skjold er det ein reguleringsplan frå 1978 som ligg til grunn. I 1989 vart det godkjent ein ny reguleringsplan der ein ny vegtrasé ville følgje eller leggjast parallelt til dagens E134. Men arbeidet med den godkjente reguleringsplanen har aldri starta opp, og nye krav har ført til at Statens vegvesen har sett på andre løysingar, som dette nye forslaget.
— Nye krav om t.d. breidde har gjort det naudsynt å sjå på andre forslag. I tillegg ville den godkjente planen føre til at me måtte rive fleire hus, gjere inngrep i fleire hagar og 50 utkøyrslar, sa planleggjar Bjørn Alsaker.

Tunnel under Vikaneset
Trafikkbiletet gjennom Skjold vil bli drastisk endra om det nye forslaget som Alsaker har utarbeidd vert godkjent. Kjem ein frå Haugesund på veg austover vil vegen om lag ved krysset Skjoldavik/Skjold kyrkje fortsetje inn i ein tunnel under skuleområdet på Vikaneset, og kjem ut att på nedsida av drivhusa til Reed. Her vil det etter planen komme eit toplanskryss for avkjøring mot Esso-stasjonen og dagens E134. Vidare vil den nye vegtraséen gå på nedsida av den eksisterande E134 fram til ein ny kort tunnel ved Eggjatoppen, den held fram vidare eit stykke og vert kopla saman med dagens veg før ein kjem til Solheimskrysset. Med dette forslaget vil det på strekninga Isvik–Solheimskrysset kun vere mogleg å køyre av i toplanskrysset ved drivhusa. Dette vil føre til at all lokaltrafikk som t.d. skal til Vikaneset, må skje ved avkjøring i Isvik, og køyre gjennom Skjoldavik, vidare med bru over den nye E134, før ein kjem inn på dagens hovudveg og vidare opp til avkjøringa til Vikaneset. Alternativt kan ein ta av ved toplanskrysset ved drivhusa, og kjøre dagens E134 nedover mot Vikaneset. Den nye vegtraséen vil dermed føre til auka trafikk gjennom Skjoldavik.
Tor Ohm, som sjølv bur i Skjoldavik, er positiv til dei nye vegplanane, men er bekymra over den auka trafikken dette vil føre til i Skjoldavik. — Me var svært nøgde då me fekk fartshumpane som bremsa ned farten til bilistane, men det er mange mjuke trafikantar på denne strekninga, og den auka trafikken vil gjere området svært utrygt for dei, seier Ohm.

Mørke utsikter
Sjølv om stemninga på informasjonsmøtet stort sett var positiv til den nye vegtraséen, er det ikkje alle som har like stor grunn til å sjå lyst på dei nye planane. For innehavar av Esso bensinstasjon, Geir Nonslid, er det heilt avgjerande kor den nye vegtraséen vert liggande. Med det nye forslaget blir bensinstasjonen liggande utanom Europavegen, noko som vil føre til færre kundar.
— Vert det nye forslaget godkjent, vil det vere uaktuelt å drive bensinstasjonen der den ligg no, seier Nonslid. Men om vi sluttar av med bensinstasjon eller flyttar den til eit område nærare den nye vegen, er det vanskeleg å seie noko om nå, held Nonslid fram, og seier det vil vere fleire faktorar som spelar inn før det vert avgjort.
Fleire i salen uttrykte også bekymring over ei eventuell nedlegging av bensinstasjonen. Einar Askeland, som tykkjer vegplanane er spanande, understreka kor viktig Nonslid er som eit knutepunkt i bygda, og håpa kommunen ville vere villig til å sjå på ei eventuell ny tomt for bensinstasjonen til Geir Nonslid. Også eigarane av drivhusa, Martin Reed og sønene Kåre og Geir Reed, vil bli hardt råka om det nye forslaget vert vedteke.
— I tillegg til at vegen vil gå gjennom eigedomen og svært nær drivhusa, vil t.d. belysninga på den nye vegen kunne påverke veksten på plantene, seier Martin Reed. Han etterlyser ein dialog med kommunen for å sjå kva som kan gjerast.

Riv huset likevel
Når Hildur og Martin Ørke fekk nyss i det nye forslaget til vegtrasé gjennom Skjold, vart gleda stor. I haust vart det vedteke ein reguleringsplan for ny gang- og sykkelveg for strekninga Esso-stasjonen i retninga mot Vikaneset, ein plan som fører til at Ørke sitt hus må rivast. Håpet deira var no at huset ikkje trong å verte rive. Men Alsaker frå Vegkontoret kunne fortelje at dei reknar med at lokaltrafikken likevel blir så stor på strekninga at det er naudsynt med gang- og sykkelveg uansett.
— Dette var trist, me jubla då me las om det nye forslaget, men akkurat no har eg mest lyst til å grine, seier Hildur Ørke, som etter møtet diskuterte saka med Alsaker utan å komme noko vidare.
Prosessen frå å legge fram eit forslag til ny vegtrasé og fram til Vegdirektoratet eventuelt godkjenner planen, tek lang tid, og ein er heilt i startgropa av denne prosessen no.
— Planen må innarbeidast i kommunen sine planar, enten som ein integrert del i kommuneplanen eller som ein eigen delplan, seier plansjef i Vindafjord, Kjell Kjærland. Ordførar Arne Bergsvåg framheva at ein slik prosess byr på mange utfordringar, men at kommunen vil legge opp til ein god dialog med innbyggjarane og dei involverte i planane.

Finansiering
Kostnaden for den nye vegtraséen er rekna til mellom 120 og 130 millionar kroner, og ligg inne i bompengepakka for Haugalandet som Stortinget etter planen skal godkjenne i løpet av våren. I denne bompengepakka ligg det også inne andre tiltak på strekninga frå Knapphus og ut til Haugesund.
— Trafikkmengda vert rekna som så høg på denne strekninga at det etter planen skal gjerast fleire tiltak her, til dømes med svingane i Austrheimsbygda, seier Bjørn Alsaker.
— Diverre er det få endringar som skjer på strekninga frå Lauareid i Etne til Knapphus, her vil det kun gjerast enkelte breiddejusteringar, seier Alsaker.